Kven blir «Årets fotballfrivillig 2024»?

No startar jakta på Årets fotballfrivillig og alle kan nominere sin kandidat fram til 23. september.

For tredje året på rad skal OBOS i samarbeid med Norsk Toppfotball, Toppfotball Kvinner og Norsk Ligafotball, kåre Årets fotballfrivillig.

- Frivilligheita er ein viktig bærebjelke i norsk fotball – både i toppfotballen og i breddefotballen. I OBOS heiar me veldig på dei mange frivillige som bruker av si eiga fritid for klubben sin, og difor ønskjer me å løfte opp dette viktige temaet, seier Eddie Chr. Thomas i OBOS.

Skal heidre og hylle

Føremålet med kampanjen er å heidre og hylle dei som allereie gjer ein stor innsats som frivillig i dag, men den skal også bidra til å rekruttere nye frivillige. «Årets fotballfrivillig» kan vera ein person, som for eksempel ein materialforvaltar, ein trenar for klubbens barn og unge eller speakeren på stadion, eller ei gruppe, som for eksempel loddselgjarane, kampvertane eller dugnadsgjengen.

Nominer en kandidat du synst fortener prisen her!


- Det er mange oppgåver som skal løysast i en fotballklubb, både i kvardagen, men også på kampdag, under turneringar, cupar osv. Me veit at dei frivillige sin innsats betyr enormt mykje, så me håpar folk no kjenner si besøkingstid og nominerer sin kandidat, slik at me til slutt får 12 verdige finalistar og etter kvart kan kåre Årets fotballfrivillig 2024, sier Thomas.

– Frivilligheita er ein viktig bærebjelke i norsk fotball – både i toppfotballen og i breiddefotballen.

— Eddie Chr. Thomas, OBOS

Famnar breitt

Kampanjen Årets fotballfrivillig gjeld for både herre- og damefotballen og ikke minst for både topp og breidde.

- Toppfotball Kvinner er stolte av å ta del i kampanjen «Årets Fotballfrivillig» saman med vår generalpartnar OBOS. Frivillige er sjølve ryggraden i norsk idrett og er heilt avgjerande for at alt av treningar, kampar og turneringar går rundt – både i topp og breidde. Kampanjen er ein fin måte å setje pris på alle våre frivillige på, men også til å rekruttere nye. I fjor vant blant anna 17 år gamle Sara fra Røa IL, som viser at frivilligheita er for alle, seier dagleg leiar i Toppfotball Kvinner, Hege Jørgensen.

Sara Yasmin Abid (17) frå Røa Fotball Elite vant prisen som Årets unge fotballfrivillig i 2023.
Sara Yasmin Abid (17) frå Røa Fotball Elite vant prisen som Årets unge fotballfrivillig i 2023.

Jens Haugland, administrerande direktør i Norsk Toppfotball, legg til:

– Fotballfrivillige er sjølve grunnmuren i norsk fotball. Det er difor med stor glede me tek del i OBOS sin fotballfrivillig-kampanje. Me håpar det strøymer på med nominasjonar, og gler oss til å følgje med på kåringa.

Nominer din kandidat her!

Om Årets fotballfrivillig 2024

Kandidatar kan nominerast frå 2.-23. september på fotballfrivillig.no
Semifinaleavstemninga føregår frå 1.-12. oktober.
Finaleavstemninga føregår frå 18.-28. oktober.
Til slutt er det folket sine stemmer og ein jury-vurdering som avgjer vinnaren.
Kampanjen er initiert av OBOS, med Norsk Toppfotball, Toppfotball Kvinner og Norsk Ligafotball som viktige samarbeidspartnarar.

STAO NO PAO!

Tidlegare vinnarar:

  • 2022: Stina Mostervik, Ranheim Fotball

  • 2023: Geir Josefsen, Ås Fotball og Sara Yasmin Abid, Røa Fotball Elite

*artikkelen er skriven sentralt og omsett til nynorsk

Annonse fra Obos-ligaen: