Jaktar på marginane med virtuell satsing

Tilfører treninga ein ekstra dimensjon

Jaktar på marginane med virtuell satsing

– Eg fokuserer mykje på å forbetre den kritiske skanninga mi. Å få overblikk over situasjonen i sekundane før eg får ballen.

Sondre Holmlund Ørjasæter legg frå seg dei massive, kvite brillene og kastar eit blikk på statistikken som kjem til syne på PC-en. Sidan tampen av fjoråret har VR-brillene plassert han situasjonar som tidlegare har utspelt seg i Premier League og Champions League.

Samstundes som han trener måler brillene og appen fleire kognitive evner. Skaffar han seg raskt nok overblikk? Og tek han dei riktige vala? Kvar avgjerd blir nøye målt og kartlagt.

- VR-treninga har gjort meg meir bevisst på korleis eg orienterer meg i spelet. På alt som skjer bak og rundt meg. Lukkast ein med å overføre denne bevisstgjeringa til bana vil det utvilsamt kunne gi gode resultat. Sjølv om me ikkje har testa det så lenge er det spennande å følgje eigen statistikk og sjå at ein presterer betre, forklarer Ørjasæter.

Ei satsing som vil flytte grenser

Mentaltrenar og klubbutviklar, Ole Erik Grinde, seier Sogndal må tenkje innovativt for å utvikle fleksible og moderne spelarar. Klubben jobbar tett med Høgskulen på Vestlandet og Sogndal e-sport, og er no blant dei først i landet som forskar på effekten av VR-trening i fotballen.

– Spelarane må takle ein høgare fart og eit meir komplekst spel. Ein må kunne tenkje raskare og sortere meir informasjon.

Grinde viser til at VR gir klubben eit forskingsbasert verktøy, som no utfordrar dei i møte med verdas beste spelarar.

– Ein ser at fleire av dei store fotballmiljøa byrjar bli nysgjerrige på denne måten å trene på. For vår del viser VR-piloten retning for ein ny treningskvardag, som krev breitt og grundig arbeid over tid. Me skal jakte på marginane.

Spelarar som Martin Ødegaard og Andreas Schjelderup har begge synt til god effekt av VR-trening.

– Utmerkar seg som ein innovativ klubb

Som ein del av VR-treninga deltek Ørjasæter og dei andre satsingsspelarane i eit forskings- og utviklingsprosjekt med programleverandør Be Your Best.

– Sogndal Fotball utmerkar seg som ein innovativ klubb med rett framgangsmåte for kognitiv trening av spelarane sine.

Det seier Andreas Olsen, dagleg leiar i Be Your Best.

– Saman har me utvikla ein treningsprosess som vektlegg isolert kognitiv trening og legg til rette for refleksjon og diskusjon rundt søksvanar og beslutningstakning

– Tilfører treninga ein ekstra dimensjon

Kristoffer Steinset og Erik Flataker er mellom spelarane som har fått bryne seg på internasjonal toppfotball på den interaktive treningsarenaen.

Erik Flataker og Kristoffer Steinset
Erik Flataker og Kristoffer Steinset

– VR tilfører treninga ein ekstra dimensjon. Ein jobbar meir bevisst med blikket og får statistikk som syner kor godt ein presterer og kva ein bør jobbe meir med, forklarer Flataker.

Han får støtte frå Steinset.

– Målet er å bli best. Då treng eg å vite kvar eg er god og kvar eg kan bli betre. VR er eit godt verktøy til å avdekke og konkretisere kva ein bør jobbe vidare med.

Sogndal FK Damer er  nyttar seg óg av teknologien

Også tre damespelarar er godt i gong med å gjere VR til ein del av treningskvardagen.

- VR-treninga har gjort meg meir merksam på å skaffe kontroll over spelet rundt meg. Eg orienterer meg meir aktivt, med fleire blikk over skuldra for å kartlegge dei andre på laget, seier Anna Grindhaug, midtbanespelar for Sogndal FK Damer.

Rutinerte på VR: Marte Hovland, Anna Grindhaug og Marte Aaberge representerer Sogndal FK Damer si satsing på å inkludere VR i treningskvardagen
Rutinerte på VR: Marte Hovland, Anna Grindhaug og Marte Aaberge representerer Sogndal FK Damer si satsing på å inkludere VR i treningskvardagen

Saman med medspelarar Marte Hovland og Marte Aaberge gjennomfører ho vekentlege VR-økter i stadionbygget.

– Me er nøydde til å velgje rett oftare

Toppspelarutviklar Patrick Karoliussen følgjer VR-spelarane tett. Han er ikkje i tvil om overføringsverdien frå dei virtuelle øktene til grasmatta kan vere stor.

– Gjennom VR trenar me på ein heilt annleis måte. Det sit i hovudet og handlar om bevisstgjering, forklarer Karoliussen.

– Det forutset at me har kontroll på rom og tid i alle fasar av spelet, at me alltid ligg eit steg framfor. Kritisk søk og skanning må ligge i ryggmargen når spelarane entrar bana, slik legg ein grunnlag for kontroll og gode slutningar - også når ein er pressa på tid og rom. Me er nøydde til å velgje rett oftare.
 

Patrik.jpg
TETT PÅ VR-SATSINGA: Karoliussen hjelp spelarane med å halde på det smale fokuset som krevst for å forbetre prestasjonane over tid.

Han viser til at inntrykka på den virtuelle grasmatta byr på verkelegheitsnæra avstandar og situasjonar.

– Skilnaden er at ein unngår fysisk belastning, og dermed får mykje situasjonstrening i komprimerte og effektive økter.

Situasjonane dei trenar på har alle utspelt seg på internasjonalt toppnivå.

– Målet er at me på sikt kan få laga eigne treningssituasjonar, tilpassa spelarane våre sine individuelle behov. No trenar me på Premier League og VM- nivå. Meistrar me det har me eit godt grunnlag for å handtere situasjonane i OBOS- og Eliteserien.

Annonse fra Obos-ligaen: