Jan Tore Slinde tilsett som trenar i Sogndal Fotball
Skal heva satsinga på jente- og damefotballen
Sogndal Fotball kan med stor glede informera om at Jan Tore Slinde blir med på laget i 2023!
Jan Tore er ein kar i starten av førti-åra frå Norane. Han har fortid frå lokalfotballen som spelar og trenar og har denne hausten vore hovudtrenar for 3. divisjonslaget til Sogndal Fotball sitt damelag og J17-laget til klubben. Han har og vore trenar/spelarutviklar på Sognenettakademiet til Sogndal FK Damer.
Slinde blir no tilsett som hovudtrenar for Sogndal Fotball sitt damelag i 3. divisjon og som hovudtrenar for J15-J17.
I tillegg vil Jan Tore fungera som bindeledd mellom Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer. Han vil vera landslagsskulekontakt for satsingsspelarane på jentesida i Sogndal IL Fotball inn mot Team Sogn og Fjordane og landslag, samt ha hospiteringsansvar saman med klubbkoordinator på jentesida i Sogndal IL Fotball.
Sogndal Fotball er veldig glade for å ta det neste strategiske steget i systemsettinga av ungdoms og vaksenfotballen, samtidig som ein vidareutviklar samarbeidet med Sogndal FK Damer.
Dette blir ei nivåheving for jentesatsinga i klubben, og me gler oss til å ha Jan Tore med på laget.