Jentekok for jentene i Sogndal Fotball!

Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer inviterte alle jentene i breiddeavdelinga til ei samling i samband med Sogndal FK sin heimekamp mot Vålerenga 2!

I helga inviterte Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer alle jentene i breiddeavdelinga til ei samling i samband med Sogndal FK - Vålerenga 2! Dette er ein del av Jenter vil meir-prosjektet, der eit eit av føremåla er at jentene skal få kvinnelege førebilete.

Samlinga i Skraol byrja med at breiddekoordinator ønskte spelarar og trenarar velkommen. Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Gisle Olsen, presenterte seg og trygga jentene om at han var her for å ta vare på alle. Vidare i programmet fekk jentene god informasjon om kva Jenter vil meir-prosjektet handlar om og bakgrunnen for oppstarten. Sjå meir om prosjektet i videoen under:

Det var og spennande for jentene når hovudtrenar Martin Natvig kom innom for å fortelje om kampen mot Vålerenga 2. Det var ein ambisøs og framoverlent trenar som møtte jentene, og fortalte at laget som heia mest under kampen ville få ein "draumedag" med Sogndal FK Damer! Etter at Natvig var innom, fekk jentene servert pizza og herleg jus frå Lerum. Når alle var gode og mette venta kampen mellom Sogndal FK og Vålerenga 2 ute på Fosshaugane Campus. Kampen enda med ei overlegen siger, og jentene ga seg ikkje før det stod 4-0! Etter kampslutt vart det bilettaking og høve for å helse på spelarane.

Fleire skal ha skryt for innsatsen under kampen, men det var jenter f. 2012 som er kåra til vinnarar av konkurransen! Me gratulerer og håpar jentene får ein kjekk draumedag!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: