Jørgen er tilbake i Sogndal

Keeperen har signert kontrakt ut sesongen 2021

Sogndal Fotball og Vålerenga Fotball er samde om ein overgang for keeper Jørgen Johnsen (f. 19. april 2001).

Sogndal Fotball og Jørgen Johnsen er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2021.


Jørgen var på lån frå Vålerenga i fjor haust, og er no tilbake i Saftbygda.

- Denne karen har glidd fantastisk flott inn i gruppa, og me er glade for å ha Jørgen med oss vidare, seier Håvard Flo.

- No som Håvard Hetle reiser til Florø på jakt etter speletid, har me behov for ein god 2. keeper etter Renze Fij, og då har me signert Jørgen ut denne sesongen, held Flo fram.

- Jørgen er veldig god på streken og er ein god keeper som passar suverent inn i gruppa vår, seier Geir Stenehjem.

Me er veldig glade for at Jørgen blir med oss denne sesongen! 

Les også om overgangen på Vålerenga sine heimesider

Annonse fra Obos-ligaen: