Kapteinen forlengjer avtalen!
Kaptein Per-Egil Flo forlengjer avtalen ut 2025! A-laget
Sogndal Fotball og Per-Egil Hough Flo, f. 18. januar 1989, har signert ei ny avtale som strekkjer seg ut 2025-sesongen!
Per-Egil har mange sesongar i kvitedrakta og mykje erfaring frå klubbar både i Norge og utlandet. Etter fleire år i både Tjekkia og Sveits kom han som kjend heim i 2021 og har vore her sidan. I desember i fjor skreiv han ny kontrakt for 1 sesong, og no er det klart at kapteinen vår er med også i 2025!
- Eg synst framleis det er kjekt å spele fotball og kroppen fungerer nokon lunde. Fotballen har vore ein del av livet mitt lenge, og det er eg glad for at den skal vere vidare også.
Han har hatt nokre problem med skadar i årets sesong, og var blant anna skada i store delar av haustsesongen. Dette fortel han om sin eigen skadesituasjon:
- Eg fekk ein rift i akillessen i kampen mot Egersund etter ein periode med irritasjon og betennelse. Då gjekk me 5-6 veker der me prøvde å la det få ro utan at det blei betre. Me vart einige om at eg skulle spele, og at eg då måtte ta litt smertestillande for å kome igjennom treningar og kampar. No har eg bestemt at eg skal operere i løpet av dei kommande vekene.
Til tross for store smerter og få minutt på trening den siste tida har han stått fram som vår beste spelar. Rundens lag i fleire kampar og poeng mot både Mjøndalen og Kongsvinger sikra vidare spel i OBOS-ligaen. På spørsmål om korleis det var å slå Kongsvinger svarar han:
- Det var utruleg godt. Det var ikkje mange poeng me trengte, men at det tok så lang tid før det kom var noko som tæra på alle. Det var ei utruleg lette å ha klart det, og det var viktig både for spelarane, klubb og alle med hjarte i Sogndal.
Sjå heile intervjuet med Per-Egil her:
Me gler oss til å sjå meir frå den rutinerte midtstopparen i 2025! No har me ein kamp igjen av årets sesong, og me håpar å sjå deg på Fosshaugadn i morgon! Bli med på folkefesten mot Vålerenga!
STAO NO PAO!