Kasper Lie er vår nye fysiske trenar!

Kasper Lie overtek som fysisk trenar i Sogndal Fotball

Sogndal Fotball er glade for å presentere vår nye fysiske trenar, Kasper Lie. 

Kasper har allereie god kjennskap til klubben då han har vore fysisk trenar i utviklingsavdelinga vår det siste året. No tek han steget opp til A-laget og skal sørge for at spelarane våre for god oppfølgjing.

- Det kjennest veldig spennande ut å sparke i gang med denne jobben. Eg har vore i klubben i eitt års tid tilknytt utviklingsavdelinga, og har eit veldig godt inntrykk av korleis klubben blir drifta, både med tanke på det sportslege og samhaldet i klubben på tvers av lag og avdelingar. Eg gler meg stort til å få vera ein del av dette, og samstundes søkje utvikling på ting som gjer at me kan ta enda fleire steg som klubb, fortel Kasper.

IMG_2958.jpeg
Kasper Lie er klar for nye oppgåver i Sogndal Fotball

- Eg er utdanna fysioterapeut og har sjølv drive med toppidrett då eg var litt yngre, primært som skiskyttar, men har spelt fotball aktivt heile livet med unntak av dei siste par åra. Det å jakte dei små marginane og jobbe mot å kunne prestere best mogleg er noko som alltid har fascinert meg og er ei oppgåve eg ser fram til å ta fatt på i denne jobben.

Kasper tiltrer i jobben 1. september 2024, og overtek for Knut Ripe. Knut har takka ja til å bli dagleg leiar hjå Idrettssenteret AS, og takkar for seg i klubben. Heldigvis reiser han ikkje langt, og me håpar å samarbeide tett også i hans nye rolle.

IMG_0307 a.JPG
Me takkar Knut Ripe for innsatsen i Sogndal Fotball og ønskjer lukke til vidare i ny jobb!

Me ønskjer Kasper hjarteleg velkommen, og gler oss til vidare samarbeid! Samtidig takkar me Knut for innsatsen i Sogndal og ønskjer han lukke til i sin nye jobb!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: