Kenneth Wilsgård i NTF har vore på besøk
Klubbutviklar Kenneth Wilsgård var på besøk i førre veke
Ein viktig del av arbeidet til utviklingsavdelinga er tett samarbeid med Norsk Toppfotball. Førre veke fekk me besøk av Kenneth Wilsgård i NTF. Over to dagar har han vore gjennom eit intensivt og innhaldsrikt program med mykje fotballfaglege diskusjonar og møtepunkt saman med Erling Ola Fykse og resten av utviklingsavdelinga.
Kenneth Wilsgård jobbar som klubbutviklar i NTF Sport, og er gjennom denne jobben klubbkontakt for Sogndal Fotball inn mot akademiklassifiseringa. Det er han som klassifiserer akademiet vårt og som følger opp i kvardagen for å styrke utviklingsarbeidet i klubben.
- Besøket er ein del av oppfølginga knytt til akademiklassifiseringa. I 2025 skal ein klassifisere igjen, og no jobbar ein med førebuingane til det. Sogndal Fotball er i ein periode med mykje utskiftningar, og det er viktig for meg at me er samkøyrde rundt vekslinga og arbeidet i klubben inn mot 2025. Det er viktig at me får ei god oppfatning og status på arbeidet som blir gjort i dag, og at me definerer kva ein vil utvikle til neste år.
Utviklingssjef Erling Ola Fykse trer av etter sesongen, og Wilsgård fortel at han har gjort ein flott jobb i samarbeidet med NTF:
- Samarbeidet med Fykse har vore ei stor glede. Han har alltid vore imøtekommande og varm. I møta me har hatt har han vore godt førebudd, og han er verkeleg ein fagmann. Det har vore kjempetriveleg. Å komme på besøk til Sogndal er alltid ei god oppleving. Sogndal Fotball er ein klubb som jobbar hardt kvar dag for å bli betre, og det er inspirerande å kome til bygda.
Kva ønskjer du å avslutte med på vegne av NTF?
- Eg vil skryte av klubben. Det er ein klubb som framstå som godt drive. Ein har ei god sportsleg styring som har vore der over tid. Ein sørger for å vera samstemt, i forkant og har kontroll på prosessane. Det gjer ein godt rusta for tyngre periodar. Eg opplever at klubben er godt rusta for å kome heilskinna gjennom tida dei er inne i no, og er sikker på at dei kjem styrka ut av situasjonen.
Me takkar for besøket og ønskjer Wilsgård og NTF velkommen attende ved neste klubbesøk.
STAO NO PAO!