Kjetil Sønnesyn er nominert til Årets Grasrottrenar!

Stem på Kjetil Sønnesyn i kåringa av Årets Grasrottrenar!

Norges Fotballforbund, Norsk Tipping og Norsk Fotballtrenarforening skal kåre Årets Grasrottrenar. Nominasjonsfasen er gjennomført og no er det tid for å stemme på kandidatane! Vår eigen Kjetil Sønnesyn er nominert og me håpar du stemmer på han!

Kjetil brukar mange timar på fotballen og er ein kjemperessurs for oss i Sogndal Fotball. Nominasjonsteksten kan du lese her:

"Kjetil Sønnesyn fortener å bli Årets Grasrottrenar fordi han legg utruleg mykje i fotballarbeidet. Han er involvert i både breiddeavdelinga og toppsatsinga til Sogndal Fotball. I breiddeavdelinga er Kjetil hovudtrenar for J15-17 og landslagsskuleansvarleg for jentespelarane i klubben. I toppsatsinga er Kjetil assistent for Sogndal sine nest fremste på Sogndal 2 og trenar i Sognenett-akademiet for jenter i fylket. Kjetil sparrar og med klubb og har komme med fleire gode tilbakemeldingar til vidare utvikling. Kjetil viar ikkje berre av tida si, men han investerer ekstremt mykje av seg sjølv for å kvalitetsikre alt han involvera seg i. Spelarane, dei andre trenarane og lagleiarane i klubben set stor pris på Kjetil og evnene han har til å få gode relasjonar til dei rundt seg. "Heil ved" er beskrivande."

Det er viktig å understreke at me har mange fantastiske trenarar i klubben, og i år er det faktisk heile 147 frivillige som legg ned eit viktig bidrag. Me set stor pris på innsatsen til alle og einkvar! 

Stem på Kjetil her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: