Klubbesøk i Syril
Me var å besøkte samarbeidsklubben vår Syril i Leikanger
I går var me på besøk hos Syril! Utviklingsgruppa var på besøk hos samarbeidsklubben på Leikanger. Tema denne gongen var differensiering der det var samling for trenarar i forkant, med diskusjonar og trening på feltet etterpå.
Spesielt «Speedøkten» til Martin og Krossen vart motteke med bravour og fekk mange gode tilbakemeldingar seier Utviklingssjefen vår Erling Ola Fykse
Me snakka med Sportslig leiar i Syril Steinar Røysum i dag som oppsummerer besøket slik:
"For det første så fekk me veldig gode tilbakemeldingar frå dei som kunne stilla opp frå oss. Det var veldig lærerikt og var fleire som skrytte til meg på tekstmelding utover kvelden - dette gjer me gjerne igjen!"
Me fekk ikkje bilete frå besøket, so me måtte finna på ei anna løysing, då vart det Krossen og Røysum i aksjon!
STAO NO PAO