Klubblegende Torodd Helle (72) har gått bort

Torodd Helle gjekk bort onsdag kveld

Torodd Helle (72) gjekk bort onsdag kveld etter lengre tids sjukdom. Me minnast ein av dei største heltane frå då fotballeventyret i Sogndal byrja.

Torodd Helle spelte i Sogndal frå 1970 til 1982. Han fekk debuten for A-laget som 18-åring sommaren 1970 i ein cupkamp og vart raskt ein del av den legendariske generasjonen me alle kjenner til. I løpet av tida i Sogndal var han med på opprykk i 1972, 1976 og 1981, og sjølvsagt cupfinalen mot Brann i 1976. Det må seiast å vere ei innhaldsrik og imponerande merittliste i løpet av 13 år i Sogndal Fotball.

Harald Aabrekk og Torodd Helle
Harald Aabrekk og Torodd Helle

Jon Navarsete var ein av dei som var tettast på Torodd gjennom tida i Sogndal. Dei gjekk i same klasse på gymnaset og spelte saman i midtforsvaret til Sogndal i over eit tiår. På bortekampar var det ofte dei som delte rom, og på bana var samspelet mellom dei godt. Han fortel om ein flott kar og mange gode minne:

- Torodd var ein sentral, påliteleg og alltid oppofrande kar. Han hadde ei fantastisk personlegheit og det er ein bestevenn som no er vekke.

- Me byrja på gymaset i lag saman med blant anna Geir Navarsete og Rune Timberlid. Me var ein fin gjeng som spelte fotball saman, og det var her fotballeventyret byrja. Torodd var med på heile oppturen, og ei viktig brikke for at klubben no har vore i toppfotballen i snart 50 år, fortel han.

Geir Navarsete, Jon Navarsete og Torodd Helle på Fosshaugane Campus
Geir Navarsete, Jon Navarsete og Torodd Helle var ein solid stoppartrio for Sogndal Fotball i 10 år

Navarsete fortel at gjengen som tok Sogndal inn i toppfotballen har vore samansveisa også etter karriera tok slutt.

- Me har hatt årlege samlingar og møtst jamnleg. Etter at Torodd vart sjuk har me besøkt han fleire gonger, og det var viktig for oss å halde kontakten.

Torodd Helle fekk Alzheimerdiagnose i 2020, men hadde truleg vore sjuk ei stund før diagnosen. Den siste tida har han vore heime i Holmedal med familien rundt seg.

Sogndal Fotball ønskjer å sende varme tankar og kondolere til Torodd sine næraste. Tusen takk for alt du har gitt Sogndal Fotball, Torodd. Kvil i fred. Me lyser fred over minnet.

Annonse fra Obos-ligaen: