
Kongsvinger - Sogndal
Gjemselund Stadion, Avspark klokka 15:00
Me er framme ved siste kampdag i denne superveka i OBOS-ligaen med tre kampar på seks dagar.
I dag skal me kjempa om viktige poeng langt inne i de djupaste skogane på Austlandet. Klokka 15:00 brakar det laust på Gjemselund: Kongsvinger - Sogndal.
Heimelaget har hatt ein skuffande sesong så langt, men me ser tendensar til gryande form på Guwen og kompani, og det blir ei hard nøt å knekka for karane til Bakke i dag.
Våre karar er i god form, og det er god stemning i gruppa. Etter trening i går, reiste dei over fjellet. Innlagt stopp for lasagne på Nebyen Kro er ein tradisjon, nok ein gong leverte våre vener der super mat og ditto service!
Slik gjekk det i runde 12

2-0 heime mot Øygarden var ein del mål for lite etter spel og sjansar, faktisk! Me noterar oss at Kongsvinger slo Ull/Kisa med to mål i ein vanskeleg bortekamp. Kongsvinger er eit godt lag som er på veg oppover på tabellen.
Her er høgdepunkta frå alle kampane i runde 12
Slik går den 13. runden av OBOS-ligaen 2020

Her er tabellen før kampane i dag

Me gler oss til kamp!
Kongsvinger - Sogndal
Gjemselund Stadion
Avspark klokka 15:
Stao no pao!!