Kristoffer Haukås Steinset skal til EM!

Kristoffer Haukås Steinset er teken ut i EM-troppen til G19 no i sommar!

Norge G19 skal spele EM i Nord-Irland mellom 15. og 28. juli. Vår eigen Kristoffer Haukås Steinset er med i troppen og skal spele med flagget på brystet mot dei beste nasjonane i Europa.

- Det er utruleg kjekt å få moglegheita til å representere Norge i eit meisterskap. Spesielt då eg føler at eg har fått ei god periode på lån i Hødd, med fleire flotte kampar. Eg er i form og er utruleg klar til å gripe denne moglegheita under EM, fortel Kristoffer.

Årets EM blir arrangert i Nord-Irland, og det er eit eksklusivt selskap våre neste menn er med i. Berre 8 nasjonar er kvalifiserte, og dei er vertsnasjon Nord-Irland, Danmark, Frankrike, Spania, Italia, Ukraina, Tyrkia og Norge. Våre gutar spelar i gruppe A saman med Nord-Irland, Ukraina og Italia.

Den fyrste kampen går måndag 15. juli og fyrste motstandar er Italia. Kampane til Norge spelast slik:

  • Italia - Norge, måndag 15. juli kl. 16:30
  • Norge - Ukraina, torsdag 18. juli kl. 16:30
  • Norge - Nord-Irland, søndag 21. juli kl. 20:00
  • Eventuell semifinale, torsdag 25. juli kl. 15:00 og 20:00
  • Eventuell finale, søndag 28. juli kl. 20:00

Heile troppen ser slik ut:

Sander Østraat - HamKam
Martin Børsheim - Brann
Magnus Brøndbo - Bodø/Glimt
Håkon Røsten - Rosenborg
Rasmus Holten - Mjøndalen (på lån fra Brann)
Simen Vatne Haram - Aalesund
Aleksander Hammer Kjelsen - Vålerenga
Aleksander Andresen - Stabæk
Casper Glenna Andersen - Odd
Vetle Auklend - Viking
Filip Loftesnes-Bjune - Sandefjord
Eivind Helland - Brann
Sondre Granaas  Molde
Travis Hernes - Newcastle
Mats Pedersen - Mjøndalen (på lån fra Bodø/Glimt)
Daniel Braut - Sandnes Ulf
Edvin Austbø - Viking
Sindre Walle Egeli - Nordsjælland
Benjamin Thoresen Faraas - Club Brugge
Bork Bang-Kittilsen - Odd
Sander Hestetun Kilen - Aalesund
Kristoffer Haukås Steinset - Sogndal

Me gratulerer så mykje til Kristoffer og ønskjer han masse lukke til i EM. Heia Kristoffer!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: