Kupen klar for Sogndal!

Hurtigtoget frå Selje tek på seg kvitedrakta

Bogø/Glimt og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for Endre Kupen (f. 1/7 1990).

Endre Kupen og Sogndal Fotball har signert ein kontrakt som strekkjer seg over dei neste tre åra.

- Eg er særs nøgd med å få Endre hit til Sogndal, seier ein glad trenar Eirik Bakke.

- Dette er ein spelar me har hatt i tankane lenge, då han er ein spelar som vil utfylle dei spissane me har her, seier Eirik.

Endre Kupen er ein rask spiss med nase for mål. Den sympatiske karen starta fotballivet sitt i moderklubben Flatraket. Han spelte óg for Selje i heimbygda. I 2010 gjekk han til Tornado Måløy, der han spelte fram til Terje Rognsø henta han til Florø i 2015.

Endre Kupen gler seg til å skåra mange mål på Fosshaugane!
Endre Kupen gler seg til å skåra mange mål på Fosshaugane!

Kupen var ein stor bidragsytar då Florø sikra opprykket i 2016, og heile fylket jubla då han satte inn 2-0 i det siste speleminuttet mot Nest-Sotra i opprykkskampen. Den fotrappe gjorde sine saker så godt i OBOS-ligaen året etter med 14 mål på 24 kampar at Bodø/Glimt henta han til Aspmyra.

No vendar han altså heim til Sogn og Fjordane.

- Eg er veldig motivert og gler meg mykje til å spele for Sogndal! seier ein smilande Kupen.

- Det blir deilig å kome heimatt til Vestlandet, men eg må óg sei at me har hatt det fint i Bodø.

Kupen er familiemann med sambuar og ein gut på fire og ei jente på to. Dei ser no fram til å busetje seg i Saftbygda.

- Det er veldig kjekt å signera for ein klubb som ynskjer meg så godt velkomen, seier Kupen.

- Me treng ein type som Endre både på og utanfor bana, seier Bakke. Å få inn ein lokal profil som vil passa godt inn i gruppa ser trenaren på som viktig.

- Han har god erfaring, men er samstundes ein svolten gut med ambisjonar. Han vil gi eit puff i dei gutane me har her,og me får inn ein målskårar med høg fart som vil opp og fram, og så er han ein kjekke gut frå Selje. Eg gler meg til å sjå Kupen i kvitedrakta, avsluttar Eirik Bakke.

- Ambisjonane mine er å spele meg inn på laget, skåra mål og vera med på å rykka opp med Sogndal! seier Kupen og gjer seg klar til sin første skikkelege treningsøkt med sine nye lagkameratar.

Håvard Flo har lagt ned eit godt stykke arbeid i å få denne overgangen i boks.

- Me vil takka Bodø/Glimt for godt samarbeid rundt overgangen, og me er svært nøgde med å få denne på plass etter lengre tids arbeid seier Flo.

Velkomen til Sogndal, Endre!

Annonse fra Obos-ligaen: