
Lanserer skuleringsplan for keeperar - stort løft for keepersatsinga!
Sogndal Fotball har gleda av å lansere ein heilt ny skuleringsplan for keeperar! Utviklingsavdelinga Breiddefotballen
Sogndal Fotball har gleda av å lansere ein heilt ny og revolusjonerande skuleringsplan for keeperar. Denne skal vere eit hjelpemiddel og ein rettleiar for keeperar og trenarar i klubben, med mål om å styrke arbeidet på treningsfeltet!
Utviklingsavdelinga sin keepertrenar, Martin Selle, har stått for arbeidet med skuleringsplanen. Han fortel om ein grundig prosess der mange aktørar har bidrege til å gjere den best mogleg:
- Eg fekk oppdraget i fjor haust, då dette var ein del av akademiklassifiseringa for 2025. Arbeidet byrja i desember, og det har vore ein jamn prosess fram til no. Alt frå fagleg innhald, grafisk profil og struktur har vore i fokus, og mange bidragsytarar har kvalitetssikra planen, fortel Selle.

Skuleringsplan - Kva er det?
Skuleringsplanen er eit dokument som blant anna inneheld treningsmodell, årsplanar og nøye planlagte treningsopplegg for keeperar frå dei er 6-19 år. Det fortel kva ein forventar av ein keeper i Sogndal Fotball, og får fram kva ein bør kunne i enden av utviklingsløpet. Dokumentet er delt opp i nivå som gradvis byggjer opp ferdigheitsnivået til keeperen. Alle nivåa har ein tydeleg struktur med dei ulike infosidene og mange gode øvingar som eksempel. I tillegg har ein laga videoar som demonstrerer øvingane på ein enkel og pedagogisk måte.
- Me håpar at dette er eit dokument som kan hjelpe trenarane i kvardagen. Me vil auke kompetansen og kunnskapsgrunnlaget i breiddefotballen, slik at keeperane får betre oppfølgjing frå tidleg alder. Vonleg vil dette føre til at me får fleire som ønskjer å vere keeper, og at fleire held fram med fotballen lengst mogleg, forklarar han.
Det har blitt lagt vekt på at skuleringsplanen skal kunne brukast av alle. Difor har ein laga eigne sider som illustrerer vanlege fallgruver. Dette skal hjelpe trenarane å ha fokus på dei rette tinga. Oppvarminga er spesielt viktig for keeperar, og difor ein sentral del av skuleringsplanen. Her skal keeperen bli klar både fysisk og mentalt i høve trening og kamp.
Kvar finn ein skuleringsplanen?
Skuleringsplanen ligg opent her på heimesida under Breiddefotball. Alle dei ulike nivåa er tilgjengeleg som PDF-filer og kan lastast ned eller lesast på nettet. Videoane ligg på Sogndal Fotball sin YouTube-kanal under spelelista "Skuleringsplan keeper", og ein finn lenkje til desse på same side som skuleringsplanen.
Me håpar dette kan vere til stor hjelp for alle trenarar og keepertrenarar i eigen klubb, fotballkrinsen og ellers i norsk fotball.
STAO NO PAO!