Lokale unggutar signert!

Anders og Adrian opp i A-stallen!

Sogndal Fotball kan i dag stolt meddela at forsvarsspelar Adrian Nicolai Anhanger Solberg (f. 2. januar 2000) og midtbanespelar Anders Johannesen Nord (f. 17. oktober 2000) har signert kvar sin avtale. Dette er to vaskekte sogndøler som no tek steget opp på A-laget.

Les meir om signeringa i Sogn Avis

- Det er kjempekjekt at desse to óg har blitt så gode fotballspelarar at dei no har gjort seg fortent til å få sjansen på A-laget! Dette er to gutar som har gått alle gradene i klubben, heilt frå dei var miniputtar og fram til no, seier ein glad og stolt Nils Tore Krosshaug. Krossen har vore trenaren deira det siste året på Sogndal 2 og G19.

Adrian, Krossen og Anders
Adrian, Krossen og Anders

Både Anders og Adrian har allereie debutert på A-laget. Adrian står bokført med to kampar (5-0 mot Stryn i NM og 4-0 mot Jerv i OBOS-ligaen), og Anders med éin kamp (3-0 mot Ull/Kisa i OBOS-ligaen). Det er likevel på G19 dei er mest merittert, der dei har vore bærebjelkane i laget i det eventyret som på mange måtar starta med Anders si skåring borte mot Odd i kvartfinalen i G19 NM i fjor. Adrian viste seg fram som ein kald fisk i den påfølgjande straffekonken, der han varta opp med ein frekk Panenka-straffe.
 

Adrian Solberg
Adrian Solberg

Etter dette vart det NM gull, vinnar av Skandinavisk Meisterskap og deltaking i UEFA Youth League - viktige kamparenaer dei dei fek prøvd seg på høgt nivå.

- Adrian og Anders har begge stått i det i nedturar og oppturar. Dei har vist ein veldig fin utvikling over tid, no var det fortent at dei fekk løn for hard jobbing med plass i A-troppen, seier Håvard Flo.

- Dei har fått visa seg fram i kampar på høgt nasjonalt nivå, og i europacupspel har ein fått bekrefta at dei held bra nivå.

Flo er klar på at det er no det verkeleg startar for karane.

- At dei no skal opp på A-laget som første års senior, gjer at dei må ta nye steg og opp nokre hakk i trening og i kamp. Dei må vera bevisste i kvardagen og gjera gode prioriteringar.

- Gutane må vera dedikerte til det som no ventar, men dei må óg sleppa ned skuldrane og sleppa seg laus, vera seg sjølve, supplerar Krossen.

- Ta tak, vera opne for læring, vera audmjuke og ha tolmodigheit - då vil dette bli bra, seier Krosshaug.
 

Anders Nord
Anders Nord

Adrian er klar til å ta utfordringa.

- Det er veldig moro at eg får denne sjansen. Det er noko eg har drøymt om, og no er det opp til meg sjølv å visa et eg fortener dette.

Anders er einig med kameraten.

- Eg har hatt dette som eit delmål, det er veldig kjekt å få kontrakt med det laget eg har sett opp til fra eg var liten gut, seier Anders.

- No skal me jobba for å kome inn i gruppa og konkurrera på lik linje med dei andre, dette blir moro! Me gler oss, avsluttar dei to spennande sogndølene.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: