Maolklubben 2023!

Bli medlem i Maolklubben til Sogndal fotball - og bidra til at me får fram fleire talent frå eigen klubb.

Maolklubben - Sogndal Fotball 2023

Bli medlem i Maolklubben til Sogndal fotball - og bidra til at vi får fram fleire talent frå eigen klubb.

Vi kjenner vel alle på den fantastiske gleda når Sogndal scorar mål - eller maol som vi helst seier. Ved å bli medlem i Maolklubben, kan du gi ditt bidrag til talentutviklinga i klubben.

Sogndal fotball har dei siste åra lagt ned store ressursar i talentutvikling. Vi har G-15, G-17 og G-19 lag som hevdar seg i nasjonale ligaer, og vi har fleire spelarar på aldersfastlagde landslag. Denne satsinga kostar, og inntektene frå Maolklubben er øyremerkt til talentutvikling.


Reglane er enkle:

Når Sogndal scorar mål bidreg du med eit valfritt beløp. Som privatperson kan du velje å delta med beløp frå 10 til 300 kroner pr. mål Sogndal scorar i OBOS-ligaen. Dei tre siste sesongane har Sogndal scora gjennomsnittleg 50 mål pr. sesong.

Informasjon om Maolklubben 2023:

  1. Registrer deg under - enten som privatperson eller organisasjon/bedrift
  2. Når du registrerer deg inn, må du velje om du skal bruke Facebook- eller SMS-autentisering. Ved SMS vil du motta ein kode på SMS som du legg inn.
  3. Legg inn summen du ønskjer å bidra med pr. Sogndal-scoring. For privatpersonar kan du velje å delta med beløp frå 10 til 300 kroner pr. mål Sogndal scorer i OBOS-ligaen. 
  4. Du må legge inn ditt kredittkort og summen du som privatperson vel blir trekt frå bankkortet ditt annankvar runde. NB! Du blir berre belasta for dei kampane som vart spelt etter du har registrert deg.
  5. Dersom di bedrift ønskjer å bidra, kan de bidra med beløp frå 50 til 1000 kroner pr. mål. Det er også muleg å bidra med ein enkeltsum. For bedrifter vil me fakturere samla på slutten av sesongen. Trykk på «Bidra som organisasjon» i skjemaet og fyll ut informasjonen.
  6. Var du medlem i 2022? Du må nok registrere deg på nytt att i år, men neste år kan du sleppe:-)

Velkommen i Maolklubben - registrer deg her

 

Annonse fra Obos-ligaen: