Martin Natvig blir ny trenar for Sogndal FK Damer
Martin Natvig frå utviklingsavdelinga vår overtek som hovudtrenar for Sogndal FK Damer
Martin Natvig er den nye hovudtrenaren til Sogndal FK Damer. Det vart klart i går, etter at han hadde det fyrste møtet med spelargruppa.
- Eg vil fyrst og fremst takke for ei fantastisk tid i Sogndal Fotball. Eg har lært utruleg masse av gjengen som jobbar i klubben. Det eg har satt mest pris på er at eg har blitt kjent med så mange flotte folk både blant spelarar og tilsette. Eg har lyst til å rette ein ekstra takk til Nils Tore Krosshaug som har vore veldig viktig for mi utvikling både som trenar og person. Eg gledar meg til å ta fatt på ei ny interessant utfordring som hovudtrenar for Sogndal FK Damer. Dette blir spennande!
Martin kom til oss i 2020 i samband med idrettsstudiar og fekk raskt ei rolle knytt til akademia i klubben. Seinare har han vorte ei viktig brikke i utviklingsavdelinga og no seinast vore assistenten til Nils Tore Krosshaug på Sogndal 2. Han er ein dyktig trenar og ein flott person, så me er glade for at han ikkje reiser lenger enn til nabokontoret!
Martin har signert ein avtale som strekkjer seg ut 2025-sesongen. Me gler oss til å følgje med på kampane, og ønskjer både Martin og Sogndal FK Damer alt godt i framtida.
STAO NO PAO!
Foto: Sogndal FK Damer