Mathias Blårud nominert til MOT-prisen 2021

Ni spelarar frå Eliteserien og OBOS-ligaen er nominert av sine lagkameratar til å vinna MOT-prisen 2021 for årets modigaste fotballspelar.

For 13. gong skal MOT-prisen for Eliteserien og OBOS-ligaen delast ut. I likheit med tidlegare år er det spelarane på MOT Norges ambassadørlag som nominerar sin kandidat til MOT-prisen. Det er óg spelarane sjølve som stemmer fram vinnaren blant dei nominerte MOT-kandidatane.

Kriteria for å vinna MOT-prisen er at spelaren er bevisst si rolle som førebilete for barn og unge, bryr seg om medspelarar og viser respekt for både domarar og motspelarar.

- Me synes det er utroleg stas å dela ut MOT-prisen. Me er stolte over at me har mange flotte rollemodeller på våre ambassadørlag og me synes difor det er viktig å gi spelarar som er bevisste sitt ansvar som førebilete ei ekstra merksemd, seier kommunikasjon- og ambassadøransvarleg Martine Haug Nysether i MOT Norge.

Viktige førebilete
MOT Norge sine ambassadørlag er lag i Eliteserien, OBOS-ligaen og Toppserien som ønskjer å styrka ungdoms livskvalitet gjennom sitt engasjement og er bevisste sitt ansvar som rollemodeller ved at dei spelar med MOT-logoen på ryggen.

Me i Sogndal er utruleg stolte over å få vera eit ambassadørlag, noko me har vore i ei årrekkje. Me heiar på gjengen i Mot Sogndal

- I alle dei åra MOT har eksistert har toppfotballklubbar vore ein viktig påminner og forsterking av MOT sitt bodskap inn mot ungdom. At spelarane sjølve stemmer fram årets modigaste fotballspelar er me stolte over, ettersom det er spelarane sjølv som veit kven som tek ekstra ansvar både på og utanfor banen, påpeiker Nysether.

I fjor var det Molde-spiller Ohi Omoijuanfo som vann MOT-prisen for Eliteserien og OBOS-ligaen, medan det var Lyn-spelar Kirvil Odden som stakk av med MOT-prisen for Toppserien.

Våre spelarar har nominert Mathias Blårud til MOT-prisen 2021, du kan lesa meir om han og dei andre nominerte her

Mathias Blårud flankert av James Simmonds og Tore André Flo etter dagens trening.
Mathias Blårud flankert av James Simmonds og Tore André Flo etter dagens trening.

 

Annonse fra Obos-ligaen: