Mathias Øren signerer ny kontrakt!
Den unge landslagsstopparen blir i Sogndal ut 2027! A-laget
Sogndal Fotball og Mathias Øren, f. 21. april 2006, har signert ei ny avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen!
- Det er sjølvsagt veldig godt å skriva ny kontrakt. Eg trivst her i Sogndal og det er deilig å få ro til å fortsette utviklinga mi. Det å få ei bekrefting på at klubben vil satsa på meg gjer meg tryggleik, og no kan eg halda fram med utviklinga mi og fokusere fullt ut på å bli ein betre fotballspelar, seier Mathias.
Mathias Øren er ein av våre unge lokale spelarar som har kjempa seg inn i A-lagstroppen. I mars 2023 fekk han proffkontrakt og fjoråret ga 3 offisielle kampar i NM. Grunna skadeutfordringar vart sesongen oppstykka, men han tok allikevel steg som fotballspelar. I år kom debuten i OBOS-ligaen allereie i fyrste serierunde. Til no denne sesongen har han levert mange sterke prestasjonar og står med 11 kampar i OBOS-ligaen der 6 av dei er frå start.
- Etter samtalar med Mathias har me no blitt einige om å lage ein ny og lengre avtale som strekkjer seg ut 2027. Dette er eit resultat av den fine utviklinga Mathias har hatt både på klubblag og på landslag. Spesielt i 2024 har me sett mange sterke prestasjonar i serien og me følte no at tida var inne for å tilby ein ny avtale, fortel Håvard Flo.
I tillegg til gode prestasjonar hjå oss har Mathias levert varene med flagget på brystet. Han har kampar for både Norge G16 og G17, og var med i den siste troppen til G18 der han spelte begge kampane. Me ser fram til å følgje han vidare i karriera både med Sogndallogo og det norske flagget på brystet.
- Det er stort å få spele for landet sitt. Me har eit mål om å kvalifisere oss for EM og andre mesterskap dei neste åra, og det er moro å få vere med på samling. Det er veldig kjekt å få moglegheita til å spele for Norge, fortel Mathias.
- Mathias har fått kjenne på motgang og skadeutfordring som har gjort han sterkare som person og spelar. Etter eit litt trøblete 2023 har han tatt store steg denne sesongen. Dette er ein del av fotballen og spelarens utvikling. Me er sikre på at dette har gjort Mathias sterkare mentalt, og det skal bli spennande å følgje Mathias si vidare utvikling, legg Håvard Flo til.
Me er glade for at Mathias er med vidare, og gler oss til mange fine opplevingar saman i åra som kjem!
STAO NO PAO!