Me slo Raufoss 2-1!
Kasper debuterte i kvitedrakta, og vart matchvinnar!
Me putta tre nye poeng inn på kontoen etter dagens batalje mot Raufoss.
Sluttresultatet vart 2-1. Sondre Ørjaseter sendte oss i leiinga før pause med ei flott skåring. Etter kvilen utlikna Raufoss på eit kanonskot, og så vart det litt stillingskrig på 1-1.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
Men så kom dagens debutant i Kvitedrakta på bana, og det tok ikkje mange minutta før Kasper Skaanes skåra for sin nye klubb. Me snakka med han etter kampslutt.
Sondre Ørjasæter skåra eit nytt flott mål, og den talentfulle ungguten er i ferd med å slå ut i full blomst denne våren.
Les om kampen i Sogn Avis
Trenar Tore André Flo var veldig nøgd etter kampslutt.
Sogndal – Raufoss 2–1 (1–0)
OBOS-ligaen, 6. serierunde, Fosshaugane Campus, laurdag 6. mai
Mål: 1–0 Sondre Ørjasæter 34. min, 1–1 Håkon Hammer 47. min, 2–1 Kasper Skaanes 82. min
Gule kort: Isaac Twum, Sogndal, Håkon Hammer, Raufoss
Domar: Magnus Koløy, Bjørndal IF
Tilskodarar: 1456
Sogndal (4–3–3): Renze Fij – Andreas Hoven (Martin Sjølstad frå 32.), Andreas van der Spa, Daniel Arrocha, Per-Egil Flo – Valdimar Ingimundarson, Isaac Twum, Kristoffer Nessø (Kasper Skaanes frå 74.) – Jonatan Jonsson (Erik Flataker frå 74.), Alejandro Diaz (Emanuel Grønner frå 74.), Sondre Ørjasæter (Kristoffer Steinset frå 90.)