Me tapar borte mot Raufoss
A-laget
Me fekk ein grusom start på kampen, og tapte til slutt 4-1 i dagens bortekamp mot Raufoss. I andreomgang var me på veg tilbake i kampen, men debutscoringa til Emmanuel Mensah var ikkje nok. Det betyr at me reiser heim frå Toten utan poeng.
Kampen starta på verst tenkelege vis, og Raufoss gjekk rett i strupen på oss. Det gav resultat og allereie etter 10 minutt satte Sander Nordbø ballen i mål. Heimelaget fortsatte å presse oss lave, og Erlend Hustad dobla leiinga etter berre 16 minutt. Ingen god opning på kampen, og me hadde ein jobb å gjere for å snu det.
Etter sjokkstarten betra spelet seg, og utover omgangen kom me til fleire gode moglegheiter. Det gav ikkje uttelling etter pause, men i andreomgang var det ein debutant som viste seg fram. Når det var spelt 67 minutt av kampen gjennomførte han eit flott raid og satte ballen i mål. Me hadde momentum og var på veg inn i kampen.
Diverre vart målet til Mensah berre eit lite lyspunkt på ein ellers mørk dag. Erlend Hustad og Sander Nordbø scora begge for andre gong i kampen, og me klarte ikkje å svare. Då endar det diverre med eit tungt 4-1-tap mot Raufoss. Me må takke alle dei som møtte på bortefeltet i dag, og skulle så gjerne gitt dykk ein siger.
Neste kamp er søndag 15. september mot Lyn på Fosshaugadn. Det betyr at det ikkje er kamp no til helga grunna landslagspausen. Karadn skal trene godt og ta nokre dagar fri før neste kamp. Då skal me komme tilbake på vinnarsporet!
STAO NO PAO!