Minneord for Ole Erik Grinde

Ole Erik vart tilsett i Sogndal Fotball i 2012. Frå 2013 til 2014, jobba han og som vikar på Høgskulen. I alle åra etter har han vore den gode linken mellom klubben og Idrettsutdanninga på HVL.

Forskinga og praksisen din har sett spor lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Me har fått hausta av all din visdom. Forskinga di enda opp i ein doktorgrad. Denne doktorgraden tok du samstundes som du jobba for klubben i ditt hjarte.

Ole Erik har som tilsett vore innom det meste. Han har hatt hovudoppgåva med å vera mental trenar, men har og vore teamleiar på sport. Han var og dagleg leiar ein periode.

Uansett rolle løyste han oppgåvene på ein framifrå måte. I 2023 innsåg me at kulturen i klubben ikkje var slik me ynskte. Då tok sjølvsagt Ole Erik ansvar. Han stilte krav og viste veg, slik berre han kunne.

Ole Erik, du kom inn med ein kunnskap ingen andre hadde. Du sprengde grenser og skapte utvikling. Din kompetanse om det mentale og prestasjon var noko av det beste i landet. Du fann balansen mellom å gje utfordringar og gje støtte på vegen til å utvikla motstandsdyktige lag.

Du var den som såg mennesket. Du var klar på at i ein fotballklubb handla det om å ta vare på produksjonsutstyret sitt, nemleg mennesket. Der ein på andre arbeidsplassar nyttar verktøy og utstyr for å skapa resultat, er ein i ein fotballklubb avhengig av å få menneska til å samhandle. Det er nesten den einaste reiskapen ein rår over. Også her var du unik Ole Erik.

Det er ikkje berre å trykka på ein knapp, som du so ofte sa.

I ein fotballklubb er det både oppturar og nedturar. Det er fantastiske toppar men og djupe dalar. Men, du såg alltid dei store linjene. Du tok aldri av når det gjekk bra, men så mista du heller aldri fatninga når det gjekk dårleg. Du stod fjellstøtt og fatta. Då orkanane feia over oss, dukka du opp på kontoret for å spørje korleis me hadde det. Du såg alltid når me trengde eit friminutt.

Det var aldri noko tull med deg Ole Erik. Du stod alltid fjellstøtt og for oss var du udødeleg.

Du var alltid ein me kunne ringja til, stikka innom, be om råd eller bryna oss på. Når det negative tok tak i oss, spurte du alltid kva som var bra. Du var der alltid for oss. Du sette krav, men rettleia alltid. Du anklaga aldri, du var ein sann ven som aldri sette deg sjølv framfor andre. Du svikta aldri.

Du gjekk bak og observerte og lét oss andre skine. Du sa ikkje so mykje, men når du tok ordet, då lytta me. Du passa på og såg alle oss andre.

I all sorga, kjenner me på ein stoltheit og ei takksemd for å ha fått vore ein del av livet ditt. Du vil alltid vera ein del av miljøet på Campus.

Du har sett varige spor Ole Erik. Saknet etter deg er for stort til at det kan uttrykkast med ord. Våre tankar går til dei næraste rundt deg, kona di Hilde og sønene dine Sondre, Gard og Viljar.

Me lyser fred over minnet ditt.

Annonse fra Obos-ligaen: