Møt Gisle Olsen, dagleg leiar i Sogndal Fotball!

Gisle Olsen er vår nye daglege leiar, og no kan du bli litt betre kjend med han!

Sidan 1. august har Gisle Olsen vore dagleg leiar i Sogndal Fotball. Dei fyrste vekene i ny jobb har han brukt til å bli kjend med klubben, og å besøke mange av dei viktige partnarane våre. I dag var det tid for å sette seg ned ute på Fosshaugadn for ein prat med media. Bli litt betre kjend med Gisle!


Fortel oss litt om deg sjølv

- Eg er Gisle Olsen, 58 år gamal, har to vaksne barn og er fødd og oppvaksen i Oslo. Eg har jobba der omtrent heile livet, og har no komme til eit punkt i livet der eg ønskte ei ny utfordring, og det har eg fått i Sogndal Fotball.

I april vart det offentleg kjent at Gisle Olsen skulle overta som dagleg leiar i Sogndal Fotball. Torsdag 1. august var han offisielt i gang med den nye jobben, og Gisle fortel om ein flott start i Saftbygda:

- Starten har vore veldig bra. Folk har tatt meg godt i mot, og eg føler at folk heiar på meg. Eg opplever at engasjementet og interessa rundt Sogndal Fotball er stor, og at folk synst klubben har ein stor betydning. Det har vore ei veldig positiv reise så langt.

Korleis vil ein merke at Gisle Olsen er dagleg leiar i Sogndal Fotball?

- Eg ønskjer å bli eit ansikt utad som er synleg og tilgjengeleg for alle i klubben. Frå dei aller yngste til foreldre og heilt opp til eliten. Eg vil fronte klubben på best mogleg måte, og vera den gode ambassadøren for Sogndal Fotball.

Gisle Olsen
Gisle Olsen er dagleg leiar i Sogndal Fotball!

Som øvste leiar i ein fotballklubb er det naturleg å sjå framover. Ein offensiv Gisle svarar slik på spørsmål om kva som er ambisjonane og målet for framtida i Sogndal:

- Eg ønskjer at A-laget skal tilbake til Eliteserien. Det må alltid vera ein ambisjon for ein klubb som Sogndal, men ikkje nødvendigvis på bekostning av alt. Så har eg også litt fokus på at breidden og elitesatsinga skal bli litt meir homogen, og at me kan gå litt hand i hand. Dette er det allereie fleire ressurspersonar i klubben som jobbar med. Så om me får til den reisa, at me kjem oss opp til Eliteserien samtidig som at me får til å kople breidden og satsingslaga saman føler eg at me er på rett veg.

Kva bodskap ønskjer du å formidle til dei som høyrer på?

- Eg ønskjer at me alle skal behalde interessa og entusiasmen for Sogndal Fotball. Sogndal Fotball betyr mykje for mange, og ikkje minst for regionen. Om me saman kan bidra til å oppretthalde dette, og kanskje forsterke det, vil det gjere meg glad.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: