NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball forlengjer avtalen!
NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball forlengjer samarbeidsavtalen med ein avtale som strekkjer seg ut 2026!
Sogndal Fotball har fleire ulike samarbeidsklubbar i fylket som me arbeidar saman med. I tillegg til dei ulike klubbane har me også eit tett samarbeid med NFF Sogn og Fjordane. No har me signert ein ny avtale som strekkjer seg til 31/12/2026.
Avtalen omhandlar utvikling med fokus på spelarutvikling og trenarutvikling. Både Sogndal Fotball og NFF Sogn og Fjordane ønskjer å bidra til kompetanseheving blant både spelarar og trenarar i fylket. Det blir mellom anna arrangert trenarforum, trenarutviklingstiltak, klubbesøk og samlingar gjennom året. Her får me nytta mange ulike kvalitetar og ressursar for at me saman kan utvikla tilbodet til fotballspelarane i fylket vårt.
- Det er ein stor styrke at me er samla her på Campus. Me har ein tett og god dialog og set pris på NFF Sogn og Fjordane som ein god samarbeidspartnar
— Erling Ola Fykse
Landslagsskulen og dei ulike kretslaga er også eit døme på samarbeidet. Sogndal Fotball bidreg med ressursar og stiller Fosshaugane Campus til disposisjon for dei ulike arrangementa. Slik kan NFF Sogn og Fjordane halde samlingar med god kvalitet for både trenarar og spelarar i fylket.
Sogndal Fotball og NFF Sogn og Fjordane har også faste månadlege møtepunkt. - Det er ein stor styrke at me er samla her på Campus. Me har ein tett og god dialog og set pris på NFF Sogn og Fjordane som ein god samarbeidspartnar, seier utviklingssjef Erling Ola Fykse.
- Me har eit veldig godt samarbeid. Det er viktig for oss med ein slik avtale. Sogndal Fotball tilfører oss mykje kompetanse, og det er viktig at den kompetansen blir brukt på spelarar og klubbar i fylket.
— Jarle Christensen
Dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Jarle Christensen, er nøgd med avtalen:
- Me har eit veldig godt samarbeid. Det er viktig for oss med ein slik avtale. Sogndal Fotball tilfører oss mykje kompetanse, og det er viktig at den kompetansen blir brukt på spelarar og klubbar i fylket. Me har ein tett dialog og samarbeider tett.
Me ser fram til vidareføre det gode samarbeidet dei neste tre åra!
STAO NO PAO!