
NM Runde 2: Tøff motstand på Stemmemyren!
Me er klare for ein ny tøff kamp i NM og Sandviken er motstandar A-laget
Kampane kjem tett for tida, akkurat slik me elskar! Allereie i morgon er det klart for ein ny cupfest når me møter Sandviken på Stemmemyren. Det blir ein tøff kamp, men me skal gjere alt for å gå vidare til neste runde.
Historikk
Gjennom historia har me møtt Sandviken 7 gonger til saman. Det har blitt 5 sigrar og 2 tap, og me skal tilbake til 1960 for å finne det fyrste møtet. I den fyrste runden av NM var det Sogndal som gjekk vidare etter 1-0 siger på Fosshaugadn. Johan Johanessen var målscorar. I 1966 møttest ein til to oppgjer i 3. divisjon, og begge enda med siger. Finn Melseter scora 3 mål i 4-0-sigeren heime, og begge måla i 2-0-sigeren borte. To år etter møttest ein igjen i seriespelet. Dette året var det Sandviken som var best og vann 2-0 og 3-0.
I tillegg til dei offisielle kampane har ein også spelt treningskampar mot dei raude og kvite. I 1973 sikra Rolf Navarsete og Ingvar Stadheim 3-0-siger på Fosshaugadn. Den foreløpig siste kampen mellom laga vart spelt i 1982 og Sogndal vann heile 8-2. Lasse Opseth x4, Svein Bakke x2 og Jermund Skartun x2 stod for måla. I morgon får me sjå kven som gå sigrande ut av ein ny duell!











Sandviken
Sandviken rykka opp frå 3. divisjon i fjor, og spelar no i PostNord-ligaen. Dei har fått ein god start på årets sesong med 6/9 moglege poeng, og ein sterk siger borte mot Jerv i førre kamp. I den fyrste runden av cupen vann dei 3-1 mot NHHI, og no er det motstand frå OBOS-ligaen som står på programmet.
Det er Alexander Stockinger som er trenar for Sandviken, og han var også med på opprykket frå 3. divisjon i fjor. Bendik August Engen scora 18 mål i fjor, og enda som toppscorar for Sandviken. Han er framleis ein mann å sjå opp for, og har opna målkontoen også i år. Sandviken spelar heimekampane sine på Stemmemyren kunstgress, og me håpar å sjå mange i svart og kvitt på kamp i morgon!
Klare for ein tøff kamp
Kampane kjem tett, og etter sigeren mot Ranheim har karadn berre gjennomført ei treningsøkt før neste kamp. Den var prega av god stemning, konkurransar og ei lett inngang mot det som ventar på Stemmemyren. Óskar Borgþórsson fekk låne mikrofonen og intervjua Martin Sjølstad og Erik Flataker etter dagens økt:
Assistenttrenar og toppspelarutviklar Patrik Karoliussen var godt nøgd med sigeren mot Ranheim, og ser no fram mot ein ny cupkamp. Høyr kva han sa etter dagens trening:
Me håpar å sjå deg på tribuna i morgon, og at me får like god støtte som i Volda. Det er alltid litt ekstra spesielt med cup, og me skal gjere alt me kan for å gå vidare til 3. runde.
STAO NO PAO!