Ny episode av podkasten: Julie Slattum Pettersen
- Her synst eg det ligg veldig bra til rette. Me får god oppfølging, og ein satsar på jentene. Eg både trur og føler at dette er ein god stad å vera for å utvikla seg. Podkast
Podkasten vår er tilbake med ein ny episode, og denne gong er det Julie Slattum Pettersen frå Sogndal FK Damer som er gjest. Eidsvolljenta kom til Sogndal frå Ull/Kisa i 2022. Det gjorde ho til den fyrste spelaren frå utanfor fylket i den nye klubben. I denne episoden får du bli betre kjend med Julie.
Korleis enda du opp i Sogndal?
- Eg spelte to kampar mot Sogndal for Ull/Kisa i fjor. Etter dei to kampane fekk eg ei melding her i frå om eg var interessert i å flytta på meg og kome til Sogndal. Og det var eg.
Trenar Robert Hovland og Sogndal FK henta altså Julie til Sogndal, og ho vart eit viktig tilskot til ein ung og spennande tropp. Den ferske klubben satsar mot å etablera seg i toppen av norsk kvinnefotball, og tek eit steg av gangen. I fjor hadde dei ein imponerande debutsesong og sikra seg plass i den nye 2. divisjon. Det betyr også ein proffare kvardag for jentene.
Korleis føler du at forholda ligg til rette for proffsatsing i Sogndal?
- Her synst eg det ligg veldig bra til rette. Me får god oppfølging, og ein satsar på jentene. Eg både trur og føler at dette er ein god stad å vera for å utvikla seg.
Å flytta til ein ny plass kan vera spennande, men det kan også by på nokre utfordringar. Eit av spørsmåla som vart sendt inn handla om akkurat dette.
Gaor da bra med sognamaol?
- Ja, no går det veldig fint. Det var litt spennande i starten. Eg hugsar spesielt før eg kom til Sogndal når eg snakka med Sebastian (Kaldestad) og Robert (Hovland) på telefonen. Eg hugsar at eg snakka med mamma før Robert skulle ringe ein gang fordi eg var så nervøs for å ikkje høyre kva han sa. Men no går det veldig fint, og eg forstår stort sett alt.
Resten av episoden kan du høyra på anten Spotify eller Apple podkast. Den ligg også i lydformat på YouTube.
STAO NO PAO!