Ny jobb etter 18 år i klubben!

Geir Inge Heggestad har fått ny jobb og legg bak seg 18 år i Sogndal Fotball

Geir Inge Heggestad har vore ein del av Sogndal Fotball dei siste 18 åra, og i løpet av perioden har han vore med på mykje. No takkar han for seg i Sogndal Fotball og held fram i ny jobb hjå NFF Sogn og Fjordane. 

Geir Inge har vore arrangementssjef i Sogndal Fotball i 18 år. Det gjer han til den lengstsitjande arrangementssjefen i norsk fotball, og gjennom åra har han opparbeida seg mykje erfaring.

- Det har vore travelt og innhaldsrikt. Eg har hatt ansvar for arrangement av heimekampane som den største oppgåva, og det fyller heile året. Det har blitt mange timar på Campus, fortel Geir Inge.

Gjennom åra i klubben har han blant anna vore turneringsleiar for Lerum Cup i 7 år og turneringsleiar for Kiwi Bama Cup (tidlegare Bendit Cup) i 15 år. Dei siste 9 åra har han hatt ansvar for den store kabalen rundt banebookinga, og sørga for at alle laga i Sogndal Fotball har ein trening- og kamparena. Minimum 15 heimekampar i 18 sesongar på rad har gitt mange oppturar, nedturar og naturlegvis stor erfaring. Det tek han med seg vidare til sin nye jobb i fotballkrinsen.

Geir Inge Heggestad byrjar i ny jobb hjå NFF Sogn og Fjordane
Geir Inge Heggestad byrjar i ny jobb hjå NFF Sogn og Fjordane

Hjå NFF Sogn og Fjordane blir Geir Inge ny konkurranseutviklar. Der vil han blant anna ha ansvar for gjennomføring av turneringar, terminlister, straffeutmåling, omberamming av kampar, futsalturneringar og mykje meir. Me er trygge på at han er ein god mann til jobben, og er glad for at han framleis vil halda seg på Campus.

- Det blir sjølvsagt spesielt å ikkje vera ein del av Sogndal Fotball lenger. Det er noko ein har levd med og som har tatt opp mange helgar i løpet av året. Eg vil nok fyrst merka det til våren når sesongen byrjar at det blir annleis. Å jobbe i Sogndal Fotball er ikkje berre ein jobb, men ein livsstil. Samtidig skal eg ikkje flytte, og eg reiser ikkje lenger enn 4 etasjar opp, så ein blir ikkje heilt kvitt meg, seier han med eit smil.

Me ønskjer å takke Geir Inge for innsatsen i klubben, og ønskjer han masse lukke til vidare i sin nye jobb. 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: