Ny kontrakt for Anders

Sogndølen har signert for to nye år

Sogndal Fotball og Anders Johannessen Nord er samde om ein ny avtale som strekkjer seg ut sesongen 2022.

- Me er veldig nøgde med den utviklinga Anders hadde i fjor, og det er difor riktig at me tok ein justering på innhald og lengde på kontakt, seier Håvard Flo.

Sogndølen står så langt med 34 kampar og 7 skåringar for Sogndal 2, og 16 kampar for A-laget. Han var óg ein viktig brikke på G19-laget vårt, som vann NM og Skandinavisk, og som var nære ved å gå vidare til tredje runde i UEFA Youth League.



Med sin slepne teknikk står han for noko me ikkje ser ofte på Fosshaugane.

- Det bur noko veldig spennande i Anders! Når han er i aksjon kan han vera ein X-faktor. Dette har han vist ved fleire høve, seinast då han kom inn under opprykksfinalen mot Mjøndalen.

Anders har alltid spelt i Kvitedrakta, no blir det minst to nye år på Fosshaugane.

-Me har stor tru på denne lokale guten, og håpar at han vil fortsetja den spennande og fine utviklinga si framover, avsluttar Håvard Flo.

Me gler oss til nye år og flotte stunder i lag med denne kjekke karen!

Annonse fra Obos-ligaen: