Ny podkastepisode: Martin Natvig

- Det er vel ikkje lov som trønder å seie at ein ikkje er inspirert av Nils Arne Eggen. Då trur eg ikkje at eg hadde fått komme heim på juleferie.

- Det var ein mørk dag på jobben. Det gule kortet kom sjølvsagt mot Sondre [Ørjasæter], når eg stoppa ein kontring der han hadde vippa meg vekk. Så eg måtte berre lage eit frispark der. Det var ikkje høgdepunktet i fotballkarriera kan du seie

— Martin Natvig

Martin Natvig har vore gjest i den nyaste episoden av podkasten. Her fortel han om alt frå si eiga fotballkarriere til den nye jobben som hovudtrenar for Sogndal FK Damer frå 2024.

- Det var ein mørk dag på jobben. Det gule kortet kom sjølvsagt mot Sondre [Ørjasæter], når eg stoppa ein kontring der han hadde vippa meg vekk. Så eg måtte berre lage eit frispark der. Det var ikkje høgdepunktet i fotballkarriera kan du seie.

Martin snakkar om den gongen han spelte for Kaupanger i Kretsligaen og møtte Stryn på bortebane. Kampen enda med 7-0-tap, sjølvmål og eit gult kort etter at han fekk eit tøft møte med Sondre Ørjasæter. 

I løpet av tida i Sogndal har han hatt mange ulike roller i utviklingsavdelinga i klubben. Han har blant anna bidrege i akademiet, på ulike aldersbestemte lag og som assistenttrenar for Sogndal 2 med Nils Tore Krosshaug. - Han er ein superdyktig fyr fotballfagleg, og så er han ein endå betre kar. Ein klassefyr. Eg er veldig heldig som har fått jobba med han, og set stor pris på det.

Det vart også mykje prat om neste sesong når han overtek ansvaret som hovudtrenar for Sogndal FK Damer. 

Alle trønderske trenarar er gjerne inspirert av Nils Arne Eggen med 4-3-3 og angrepsfotball. Korleis er det for deg?

- Det er vel ikkje lov som trønder å seie at ein ikkje er inspirert av Nils Arne Eggen. Då trur eg ikkje at eg hadde fått komme heim på juleferie. Men eg er nok ikkje heilt der. Eg trur me skal gjera ting på ein litt annan måte, men det er jo masse der som det er verdt å ha med seg. Men det blir ikkje noko kopi av Rosenborg på 90-talet til neste år. 

Heile episoden kan du høyra på anten Spotify, Apple podkast eller på YouTube. Me takkar Martin for åra han har vore i klubben og ønskjer han masse lukke til med Sogndal FK Damer neste sesong!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: