Ny podkastepisode: Terje Skjeldestad

Sportssjef Terje Skjeldestad har vore gjest i podkasten vår, og prata om spelarlogistikk inn mot 2024-sesongen. Han har også svara på alle spørsmåla frå lyttarane om mange varierte tema. I denne saka kjem nokre utdrag frå episoden, men

Kva er teknisk hjerte, og korleis jobbar de med å henta spelarar?

- Teknisk hjerte består av styreleiar Jan Rune Årøy, dagleg leiar Lars-Olav Hausberg, hovudtrenar Tore André Flo, utviklingsansvarleg Erling Ola Fykse, sportssjef Terje Skjeldestad og spelarlogistikkansvarleg Håvard Flo. Dette er eit møtepunkt som me brukar i viktige avgjerder. Det er mange som er involverte når ein ser etter nye spelarar, men når ein bestemmer at han her ønskjer me å gå for blir avgjerda tatt av teknisk hjerte til sjuande og sist. Det er altså ikkje berre ein mann som har ansvaret åleine, men me er ein gjeng som står samla bak dei vala me tek. Både når me treff, men også når me bommar.

Kva får Sogndal Fotball ut av å senda tilsette på landslagssamling? Tek ikkje dette fokus vekk frå den viktige jobben i Sogndal?

 Ja dette er ein ting som eg høyrer frå fleire. Så ser eg litt rundt meg og tenker at me ikkje hadde fått til alt dette om alle skulle vera her. Namn som Svein Bakke, Rolf Navarsete og Yngve Hallén er eksempel på folk som har vore inne sentralt. Meg sjølv, Morten Olsen, Geir Stenehjem, Marius Bøe når han var her. Felles for alle er at dei har tileigna seg kunnskap og erfaringar, fått nye referansar, blitt kjent med folk i miljøa osv. Eg trur dette er mykje viktigare enn folk trur. Det Sogndal har fått til av teknologiutvinning og utvikling er mykje grunna dette. Eg meinar at dette gir mykje meir enn det stel. 

Kva er ambisjonen til Sogndal Fotball i 2024?

- Eg tenker at så lenge Sogndal spelar i OBOS-ligaen trur eg alle kjem til Fosshaugadn i april med håpet og tenker at i år skal me klara da. Eg trur dette er ei sunn greie å ha med seg. Så blir det ofte "uff det gjekk ikkje", men eg trur me må ha ein ambisjon og ein draum om å rykke opp. Så veit me at det blir tøffare og tøffare for kvart år som går. Det blir jamnare og jamnare. Eg trur det er viktig at me ikkje skal gje slepp på da. Me skal ha den draumen med oss. Så ambisjonen vil alltid vera å rykka opp.

Kva tykkjer du om Saftkokaradn?

- Saftkokaradn er kjempeviktige for Sogndal. Me snakkar mykje om Lerum og Sogndal når me er ute av bygda. Saftkokaradn er eit kjennemerke som folk veit kva er. Eg trur det er ufatteleg viktig for oss som driv klubben og for bygdi, så dei må berre halda koken oppe.

Resten av podkasten med svar på mange spørsmål kan du lytta til på Spotify, Apple podkast eller på YouTube. Nytt av året er at episodane på YouTube ligg på Sogndal Fotball sin eigne kanal.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: