Ny podkastepisode: Tommy Øren
- Me var litt i samme situasjon som i dag. Me sleit og karra oss til ein kvalikkplass der på slutten. Me gjekk til kampen mot Vålerenga og tenkte at her har me ingenting å tapa. Podkast
Tommy Øren har vore på besøk i podkaststudio, og resultatet vart ein lang episode med prat om mykje fotball. Tommy er tilsett i klubben som trenarutviklar og er ein del av utviklingsavdelinga vår. Han har naturlegvis også to periodar i klubben som spelar, og vore involvert i fleire historiske hendingar. Det måtte me sjølvsagt prate om. Aller fyrst var tema sigeren til NG19 mot Vålerenga i går:
- Kampen var solid. Me skulle ut på bana å tørra, vera offensive i skallen og koma med mykje folk. Så blir me spelt lave i periodar, men me har god kontroll og slepp til lite. Me scorar nokre flotte mål, og skal no spela finale mot Haugesund på Briskeby 11. eller 18. november. Det er kjekt å forlenga sesongen med ein ny fotballkamp.
Sjølv om det har vorte snakka og skrive om mange gongar tidlegare kjem ein ikkje utanom 2000-sesongen når ein skal snakka med Tommy Øren. Året der vesle Sogndal rykka opp gjennom kvalikk og sendte Vålerenga ned i 1. divisjon. Tommy spelte kampen og satte det avgjerande målet når han heada inn 2-2 på Ullevaal.
- Me fekk ein dødball, og Bolli svinga den opp i lufta. Eg fekk hovudet på den, og ballen sklei i mål. Det var 2-2 og etter det var det fullstendig kaos. Ballen dansa på streken, og all den dramatikken ein kan tenka seg. Når dommaren blåste av hugsa eg den sinnsjuke stemninga med alle sogndølene bak det eine målet der.
Meir om både den kampen og resten av karriera kan du høyra Tommy fortelja i podkasten. Du får også bli kjent med kva rolle han har i klubben no. I tillegg svarar han på lyttarspørsmål om alt i frå tida i Årdal til kor god han kunne ha blitt om han ikkje fekk den avgjerande skaden i 2001. Sjekk ut episoden på anten Apple podkast, Spotify eller Youtube!
STAO NO PAO!