Ny samarbeidsavtale med IL Bjørn

Sogndal Fotball og IL Bjørn har signert ein ny samarbeidsavtale

Me har fleire gode samarbeidklubbar i fylket og IL Bjørn i Gaupne er ein av dei. Gjennom fleire år har me hatt eit godt samarbeid, og no forlenger me avtalen med 3,5 år!

Saman med dei ulike samarbeidsklubbane våre gjennomfører me blant anna jamnlege møter og samtalar mellom representantar frå klubbane. Dette kan vera møter med ein enkelt klubb eller større arrangement med fleire involverte. Det er også god dialog rundt hospitering av spelarar og korleis me på best mogleg måte kan legge til rette for klubb og spelarar.

- For IL Bjørn som klubb er det viktig å ha avtalar med naboklubbane, og det er heilt naturleg at me forlenger avtalen med Sogndal Fotball som er ein toppklubb, fortel Joar Fossøy i IL Bjørn.

- Avtalen handlar mykje om kompetanseutveksling, og det skal kunne gå begge vegar. Spelarar frå IL Bjørn kan hospitere med Sogndal sine lag, samtidig kan me be om personell frå Sogndal Fotball til å seie noko om til dømes skadeførebygging eller treningsplanlegging, held han fram.

- Me er veldig glade for å kunne oppretthalde samarbeidet med Sogndal Fotball. Det er ein toppklubb, og for mange av våre spelarar er det ei gulrot å tenke at ein kanskje får moglegheita til å spele for Sogndal ein dag, avsluttar Fossøy.

Joar Fossøy og Erling Ola Fykse
Joar Fossøy og Erling Ola Fykse

Utviklingssjef Erling Ola Fykse fortel at avtalen med IL Bjørn er viktig for klubben:

- For Sogndal Fotball er det heilt naturleg å forlenge avtalen med IL Bjørn. I kraft av at me har utvida tilbodet for lokale spelarar på nasjonal arena har dialogen med klubbane rundt oss auka. Ein slik avtale er med å regulere og systemsette samarbeidet mellom klubbane. IL Bjørn og deira frivillige på leiarnivå er særs gode samarbeidspartnarar og me gler oss til at dei kjem på besøk og at me får komme til Gaupne for å bidra med det dei ønskjer. Me er glade for at IL Bjørn ser positivt på og nytten av samarbeidet med oss når det gjeld spelarutvikling, fortel han.

- Spelarutviklingsmodellen til Sogndal Fotball er mynta på at unge spelarar skal kunne vera i eigen klubb og hospitere med Sogndal. Det er viktig for oss at me utviklar spelarane saman med moderklubben istaden for at dei skal melde overgang i ung alder. Spelarar frå IL Bjørn har vore med på elitetiltak, nasjonale kampar og treningar samtidig som at dei får spele kampar i lokal serie for klubben sin, legg Fykse til.

Fykse avsluttar med å skryte av arbeidet som blir gjort i Gaupne:

- Me opplever at spelarane frå IL Bjørn har med ein fin bagasje når det gjeld kultur og det å bli ein del av eit nytt miljø i Sogndal. Spelarane har gode kjerneverdiar frå eige lag som me verdset. Dei har med seg ein god pakke, og ein kan verkeleg seie at dei er heil ved.

Me er glade for å forlenge avtalen og ser fram til å halde fram med den gode dialogen. Tusen takk for samarbeidet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: