Ny samarbeidsavtale med Syril!
Me har skrive ny avtale med Syril! Utviklingsavdelinga
Me har fleire gode samarbeidklubbar i fylket og Syril på Leikanger er ein av dei. Me har allereie hatt eit godt samarbeid over fleire år, og no skriv me ein ny avtale med dei gule og svarte! Den nye avtalen strekkjer seg ut 2028, og me ser fram til å halde fram det gode arbeidet.
Samarbeidsklubbane rundt oss er ein viktig del av spelarutviklinga, og avtalane med klubbane sikrar at me legg til rette for spelarane i fylket. Innhaldet i avtalane kan variere og dei ulike klubbane får vera med på å avgjere kva dei ønskjer og har behov for. Det kan til dømes vera møter mellom klubbane, kompetanseutveksling, spelarhospitering, gjennomføring av treningar, seminar osv. I løpet av året reiser representantar frå Sogndal Fotball på besøk til samarbeidsklubbane våre, og me får også besøk på Fosshaugane Campus.
Erlend Husabø i Syril fortel at avtalen er viktig for ein klubb som Syril:
- Den utviklinga me får ta del i gjennom Sogndal Fotball som toppklubb, både på leiarsida, anlegg, spelarutvikling og trenarutvikling, er viktig for oss. Me set enormt stor pris på samarbeidet, og er glade for å forlenge avtalen. I sommar fekk me blant anna besøk av fleire av A-lagsspelarane og det er noko ungane pratar om endå. Det er mange slike små ting som betyr mykje for spelarane våre.
- Avtalen inneheld mykje positivt og det er alfa og omega for oss å kunne drodle saman med Sogndal Fotball for å legge til rette for spelarutvikling på ein best mogleg måte, legg han til.
Utviklingssjef Erling Ola Fykse fortel at Syril er ein god samarbeidsklubb å ha med på laget:
- Syril har over lengre tid vore ein særs god samarbeidsklubb for oss i Sogndal Fotball. For oss var det heilt naturleg å gå i dialog om fornying av eksisterande avtale, og me er glade for at dei er med på laget vidare. Det er alltid kjekt å kome på besøk til Leikanger både i samband med treningar og på besøk på fotballskular. Syril sine frivillige representantar i trenar og leiarverv ynskjer å legge til rette for at ivrige spelarar på Leikanger skal kome til Sogndal for å hospitera på treningar og i kampar. Me opplever Syril som aktive og framoverretta og med fokus på spelarutvikling, trenarutvikling og klubbutvikling.
Dagleg leiar Gisle Olsen avsluttar med:
- Me er veldig glade for å ha fått på plass ein ny avtale med vår samarbeidsklubb. Dette har vore viktig for begge partar, og me ser fram til å fortsette arbeidet med våre felles prosjekt i åra som kjem.
STAO NO PAO!