Ny siger for Sogndal 2!
Sogndal 2 sikra ein ny siger i heimekampen mot Jølster Sogndal 2
Sogndal 2 sikra sigeren i heimekampen mot Jølster. Det enda med ein fortent 2-0-siger etter scoringar av Elling Kvåle og Oliver Hintsa.
Sogndal 2 byrja kampen best, og det var også heimelaget som skulle scora kampens fyrste mål. Når det var spelt 17 minutt var Elling Ingeson Kvåle på rett plass. Havila Bonabandi la eit godt innlegg frå høgre, Jølster fekk ikkje avverga, og Kvåle sprang ballen i mål. Fortent leiing. Like før pause var det Oliver Hintsa sin tur. Frå innsida av 16-meterstreken venda han vekk forsvararen sin, og curla ballen fint ned i det høgre hjørnet. Det stod 2-0 til pause.
Til tross for fleire store sjanse vart det ikkje fleire mål i kampen, men leiinga var heller aldri trua. Ein kontrollert siger sikrar 3 nye poeng i opprykkskampen, og no ventar Vik på bortebane. Den spelast allereie på laurdag kl. 14:00.
STAO NO PAO!