Ny storsiger og godt utgangspunkt før opprykksfinalen!
Sogndal 2 vann heile 10-1 mot Sandane i dag! Sogndal 2
Sogndal 2 gjorde jobben heime mot Sandane og vann heile 10-1 i dag. Heimelaget var suverene frå start og leia allereie etter 10 minutt. Til pause stod det 6-1, og i andreomgang auka leiinga til 10-1 før kampen var slutt.
Dette var laget som starta dagens kamp:
Ard Ragnar Sundal, Markus Bringas, Noah Heggestad, Sander Granheim, Sander Heggestad, Havila Bonabandi, Marius Årøy, Ola Lerheim Olsen, Elling Kvåle, Andreas Duesund og Viljar Stavø.
Heimelaget byrjar kampen med overtaket og allereie etter 10 minutt var leiarmålet eit faktum. Andreas Haugen Duesund sendte heimelaget i føringa, og så skulle det gå fort. Berre eitt minutt etter låg ballen i mål igjen, og denne gongen var det Kriss Havila Bonabandi som var målscorar. Andreas Haugen Duesund la på til 3-0 med si andre scoring for dagen etter 19 minutt spelt.
Sandane hadde lite å kome med, men etter 23 minutt spelt kom det ei redusering. Sindre Fjellestad gav bortelaget eit lite håp, men Sogndal 2 svara umiddelbart. Ola Lerheim Olsen auka til 4-1 allereie eitt minutt etter bortelaget si scoring. Sander Sjøthun Heggestad la på til 5-1 når det var spelt 26 minutt på Fosshaugadn. Marius Årøy ville også notere seg for scoring og banka inn 6-1 etter 30 minutt. Det var også stillinga til pause.
Karadn fortsatte i same spor i andreomgang og det tok ikkje lang tid ut i omgangen før Sander Sjøthun Heggestad satte nr. 7 for dagen. Sander Aske Granheim auka til 8-1 og toppscorar Viljar Stavø satte 9-1. Til slutt ville også Elias Svedal Flo vere med på leiken og satte inn 10-1 i det 77. minuttet. Det vart ikkje fleire scoringar resten av kampen og alle poenga blir igjen i Sogndal.
Samstundes spelte Fjøra bortekamp mot Vik og vann komfortabelt 4-0. Det betyr at ein står heilt likt på poeng, men at Sogndal 2 har den beste målforskjellen før seriefinalen neste laurdag. Det skal bli ein spennande kamp for å avgjere kven som sikrar opprykket!
STAO NO PAO!