OBOS Camp vinter 2024 - påmeldinga er open!
No er påmeldinga til OBOS Camp open!
KVA ER OBOS-CAMP
OBOS-Camp er ein nasjonal fotballcamp for barn og unge i aldersgruppa 6-12 år. Her vil det være fokus på positive fotballopplevingar, heilhetleg utvikling og samhandling i fokus.
I veke 8 vil Sogndal Fotball arrangere OBOS Camp over fem dagar. Ein kan også velgje 3 dagar. Her vil Sogndal stille med flinke instruktørar og øvingane som skal gjennomførast under campen er skreddarsydd av NTF (Norsk Toppfotball).
Det blir gratis lunsj alle dagane, og deltakarne vil få utdelt treningsbukse og treningsgenser levert av OBOS!
Ein typisk dag på OBOS Camp består av to fotballøkter på feltet (1 økt fredag), samt matpause. Kvar dag har eit eige sportsleg tema som øktene tar utgangspunkt i. Fotballøkta før lunsj har fokus på trening og deløvingar rundt dagens tema, mens fotballøkta etter lunsj består av ulike kampformer knyttet til same tema.
OBOS-Camp Sogndal blir arrangert i Sognahallen 19-23 Feb i Sognahallen.
Jenter/gutar: 6-12 år
Fredag 23 Feb: Blir avslutta med lunsj + Sogndal – Ålesund kl. 13.00
Oppmøte: Frå kl 09.00
Camp: 10.00-14.00 inkl lunsj.
STAO NO PAO!