Opprykk!

Høgdramatisk då Sogndal2 rykka opp

Det vart ein høgdramatisk avsutning på årets sesong av Kretsligaen laurdag 15. oktober. 

Utgangspunktet var enkelt: Sogndal2 måtte vinna kampen sin borte mot Vik og Årdal måtte tapa mot Studentspretten på Kvåle. 

I Vik tok me leiinga ved Mansour Gueye etter 23 minutt av første omgang. Då heimelaget fekk utvist ein spelar tolv minutt etter, gjekk det berre fire minutt før me auka til 2-0 etter skåring av Viljar Stavø. Laga gjekk til pause på stillinga 2-0 til Sogndal. 

Foto: Martin Salbu
Foto: Martin Salbu

På Kvåle såg det ut til at dei raudkledde frå Årdal skulle gå til pause med opprykket halvvegs i lomma da Truls Hovland la ballen til rette på straffemerket 43 minutt ut i omgangen. Men Hovland missa på straffa, og då Studentspretten skåra like etter hadde Sogndal og Årdal bytta plass på tabellen.

Det var høg spenning både på Kvåle og i Vik utover i 2. omgang denne laurdagen. I Vik fiksa Jørgen Dalaker 3-0 rett etter pause, medan Årdal sleit med å skåra mot Studentspretten. Mot slutten av kampen var det om mogleg eitt hakk meir dramatisk då Vik skåra etter ein situasjon der keeper Knut Ripe vart utvist, men laget til Krossen stod løpet og vann 3-1. Spretten slo overraskande Årdal 1-0 og med det var det klart:

Sogndal 2 vart vinnar av Kretsligaen 2022!

Etter ein meget sterk sluttspurt av sesongen kunne Nils Tore Krosshaug og kompani sleppa jubelen laust etter at Sogndal2 hala opprykket i hamn med knappast mogleg margin: Lik poengsum med Årdal FK, men eitt plussmål meir.





Video: Martin Salbu

(I etterkant av avslutningsrunden på laurdag vart det lagt inn protest i etterkant av kampen mellom Studentspretten og Årdal. Protesten vart ikkje tatt til følge, difor er det klart: Sogndal2 står som vinnar av divisjonen og er klare for opprykk!)

Les også; Årdal fekk avslag på protesten

Annonse fra Obos-ligaen: