Opprykksfinale: Sogndal 2 - Fjøra

Det er klart for ein spennande avslutning av Kretsligaen 2024!

Sogndal 2 - Fjøra

  • Laurdag 19. oktober kl. 14:00

  • Fosshaugane Campus

  • Kretsligaen 2024, runde 22

50 poeng på 19 kampar. Berre målskilnaden skil laga på tabellen. 1 kamp gjenstår. Utgangspunktet er enkelt: Fjøra må vinne for å rykke opp. Sogndal 2 rykker opp ved uavgjort eller siger. Det er duka for ein spennande opprykksfinale på Fosshaugadn på laurdag!

Gjennom heile sesongen har dei to laga fulgt kvarandre tett. Sogndal 2 byrja sesongen med tap mot Høyang, medan Fjøra fekk eit forsprang på 3 poeng etter sigeren mot Eid. Allereie i runde 3 var forspranget utlikna når Dale vart for sterke for Fjøra og Sogndal 2 vann heile 7-0 mot Førde 2. Målskilnaden var i favør Sogndal 2, men allereie her skjønte dei fleste at det blei ein kamp heilt fram til sesongslutt.

18. mai vart årets fyrste møte mellom laga spelt. Joakim Berg Nundal sendte Sogndal 2 i føringa, men heimelaget kom tilbake ved scoringar av Anton Sekkingstad og Malvin Gjerde før pause. I andreomgangen vart det spel mot eitt mål, men Fjøra stod i mot alt av angrep heilt fram til Elling Kvåle dukka opp i feltet og banka inn utlikninga langt inne i overtida! Kampen enda 2-2 og laga stod framleis med like mange poeng!


I haustsesongen har begge lag vunne alle kampane sine, utanom 1 kamp mot Eid. Både Fjøra og Sogndal 2 spelte 2-2 mot 3. plassen i Kretsligaen, og med 1 runde igjen er det framleis berre målskilnaden som skil laga på tabellen. Sogndal 2 har scora flest mål før den avgjerande kampen, og utgangspunktet er enkelt: Vinnaren av laurdagens kamp rykker opp, men ved uavgjort er det Sogndal 2 som skal spele 3. divisjon neste sesong!

Slik ser tabellen ut før siste serierunde!
Slik ser tabellen ut før siste serierunde!

På laurdag håpar me du tek turen til Fosshaugadn! Om du heiar på Fjøra, Sogndal 2 eller berre likar ein god fotballkamp bør du få med deg denne på laurdag! Det er gratis inngang for alle og i kiosken får ein kjøpt mykje godt. Det er tørt og godt under taket, og ein kan nytte pausen til å få i seg varmen igjen! Me gler oss til kamp og håpar me ser deg der!

STAO NO PAO!

Elling Kvåle scora 2-2 mot Fjøra
Elling Kvåle banka inn den viktige 2-2-scoringa mot Fjøra!

 

Annonse fra Obos-ligaen: