Oppstart for Sogndal United!

No skal Sogndal United starte opp att med faste treningar!

Sogndal United er eit lavterskel fotballtilbod for dei med psykisk og fysisk utviklingsnedsetting i Sogn og Fjordane. No blir det starta opp att med faste treningar i Sognahallen!

Dei som har ansvaret for Sogndal United i 2024 er Marianne Raad Larsen og Endre Kupen. I tillegg vil det vera med to instruktørar frå Sogndal sitt damelag på treningane. Innimellom vil ein også få besøk av spelarar frå A-laget.

Sogndal United samlast kvar torsdag og gjennomfører varierte fotballøkter. Treningane blir lagt opp på ein måte som gjer at alle kan delta. Det er stort fokus på å ha det kjekt med fotballen, og det sosiale rundt ei slik samling. Her får ein verkeleg sjå engasjement, innsats og fotballglede!

Treningstidene framover blir torsdagar klokka 18:15 - 19:15. Den fyrste treninga er torsdag 1. februar, og alle treningane er i Sognahallen. 

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med anten Marianne Raad Larsen eller Endre Kupen. Om ein ikkje har vore med tidlegare, men kunne tenke seg å bli med, sender ein påmelding til [email protected]

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: