Overlegen finalesiger mot Vålerenga!

Sogndal NG19 sikra ein sterk 5-0-siger i finalen mot Vålerenga!

Sogndal NG19 spelte i dag finale i B-sluttspelet av den nasjonale serien. På vegen til finalen har ein slått ut både Bodø/Glimt og Rosenborg, og i dag var det Vålerenga som måtte gi tapt!

Laget som starta kampen var:

Daniel Sætren, Markus Bringas, Noah Heggestad, Sander Heggestad, Elling Kvåle, Marius Årøy, Ola Olsen, Havila Bonabandi, Mohammad Ali og Andreas Duesund.

Den fyrste omgangen var jamn og tett, men det var våre gutar som skapte dei største sjansane. Fyrst etter 36 minutt spelt kom scoringa, og det var Havila Bonabandi som satte ballen i mål. Flotte kombinasjonar på venstresida gjorde at Bonabandi kom fri og satte ballen i mål på kontrollert vis! 0-1 var stillinga til pause. 

Like etter pause auka leiinga. Sogndal pressa Vålerenga langt inn på eigen halvdel og provoserte fram feil. Ballen enda opp hjå kaptein Marius Årøy på utsida av 16-meteren og midtbanespelaren banka ballen i mål. 0-2!

Karadn fortsatte å mate på og satte nr. 3 allereie etter 54 minutt. Flotte kombinasjonar på venstresida gjorde at Sander Heggestad kom seg fri til venstre. Eit perfekt innlegg fann hovudet til Andreas Duesund, og spissen stanga ballen i mål. 0-3!

Markus Bringas ville ikkje vera noko dårlegare. Når det var spelt 60 minutt kom dagens 4. scoring, og det var nok eit flott mål. Eit langt innlegg frå venstre fann høgreback Bringas i feltet. På fyrste berøring banka han ballen kontrollert i mål til 0-4!

Karadn var ikkje ferdige og einvegskøyringa fortsatte! Kristian Kongelf avanserte i bana og utnytta store rom i Vålerenga. Ute til høgre fann han Markus Bringas som igjen var involvert i scoring. Frå høgrekanten la han eit nydeleg innlegg til Andreas Duesund som satte ballen i mål på flott vis! 0-5 etter 66 minutt og kampen var avgjort!


Samtlege spelarar i troppen fekk minutt på bana og både Ard Ragnar Sundal, Lukas Tangedal, Kristian Kongelf, Elias Flo, Linus Heggestad, Khadar Ibrahim og Sverre Stavø kom inn i løpet av kampen. Etter kampen kunne kaptein Marius Årøy løfte pokalen for andre gong på rad. I fjor vann det same laget også B-sluttspelet, men den gongen var det Haugesund ein møtte i finalen.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: