Overtidssiger mot Moss!
Siger på overtid etter at innbyttar Erik Flataker banka ballen i mål! A-laget
Det såg lenge ut til å enda med 1-1 og poengdeling på Fosshaugadn i dag, men Erik Flataker hadde andre planar! På overtid banka han inn 2-1 og sikra at dei tre poenga blir igjen i Sogndal!
Fyrsteomgang gjekk føre seg utan alt for mange store sjansar. Det kalde haustværet på Fosshaugadn bidrog også til at fyrsteomgangen ikkje er den som blir hugsa best frå dagens kamp. Ingen mål til nokre av laga og 0-0 til pause.
I andreomgang skulle det bli meir å gleda seg over. Jónatan Jónsson som var tilbake frå start skulle notere seg for scoring. Sondre Ørjasæter sprang seg fri på venstresida og la eit innlegg over til motsatt side. Jónsson tok deretter ned ballen, dribla seg forbi to mann, snubla og hamna på bakken, dribla seg forbi to til og satte ballen i mål!
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
Allereie tre minutt etter kom utlikninga. Claudio Braga slo ein corner inn i feltet. Ballen blei aldri skikkelig klarert og Moss holdt trykket oppe. Til slutt datt ballen ned til Braga som banka ballen i tverrliggaren og i mål. Kalddusj og 1-1.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
Når det var spelt 80 minutt gjorde Tore André to endringar. Erik Flataker og Emanuel Grønner kom inn for Jónatan Jónsson og Joakim Nundal. Det skulle visa seg å bli avgjerande. Godt inne i det fjerde overtidsminuttet lempa Isaac Twum eit frispark inn i boksen. Emanuel Grønner heada ballen ned til Erik Flataker. Han dempa ballen før han banka ballen i mål bak Moss sin keeper. Sigeren var sikra, og det med berre 30 sekund igjen av overtida.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
Det var herlig å vinna! No skal Flataker i aksjon igjen med Sogndal 2. Me håpar det kjem folk på kamp, og at dei kan sikra tre nye poeng!
STAO NO PAO!