
På lån frå Molde
Forsvarsspelar Martin Ove Roseth blir i Sogndal ut juli.
Sogndal Fotball og Molde Fotballklubb er samde om ein utlånsavte på forsvarsspelar Martin Ove Roseth (f. 10/7 1998)
- I følge rapportane er dette ein rask spelar med god venstrefor, seier sportsleg leiar Håvard Flo.
- Det er ein spelar Molde har stor tru på i framtida, og me er glade for at han skal vera her i Sogndal no nokre månader, held Flo fram.
Utlånsavtalen kom i stand med bakgrunn i den nye regelen som gjer at unge spelarar kan gå på utlån utanfor det ordinære overgangsvindauget..
Martin Ove er frå Volda, og har vore i Molde nokre år. I fjor var han på lån til Levanger.
- Eg håpar å bidra her i Sogndal, og gler meg til dei neste månadane her. Målet er å hjelpa klubben i kampen om opprykk, seier Martin Ove.
Me kjem med ein nærare presentasjon av Volda-karen i løpet av helga.
Velkomen til Sogndal!