Poengtap i Ulsteinvik

Det enda med 2-2 og 1 poeng på Høddvoll i dag

Den fyrste scoringa i kampen kom etter 15 minutt spelt. Sondre Ørjasæter snappa ballen på venstrekanten. Han fann Kasper Skaanes som på ein berøring slo vidare til Joakim Nundal. Han finta vekk heile Hødd-forsvaret og satte ballen enkelt fordi Ole-Monrad Alme. Tidleg leiing på kampen etter ei flott scoring.

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Diverre skulle ikkje leiinga halde lenge. Etter 22 minutt fekk Hødd spelt seg opp på si venstreside. Eit innlegg vart slått over på motsatt side. Inne i boksen vart det teljefeil slik at Kjetil Holand Tøsse fekk ein enkel jobb med å styre ballen i mål. Utlikning til 1-1 som også var stillinga ved pause.

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Heldigvis hadde me fleire mål i oss i andreomgang. Etter ein lang periode med eit voldsomt trykk frå heimelaget sendte Martin Sjølstad oss opp i leiinga. Etter 70 minutt spelt frakta Joakim Nundal med seg ballen langt oppover i bana. Deretter slo han ein flott gjennombrotspasning til Sjølstad på venstresida. Venstrebacken vår var iskald åleine med keeper og løfta den over han og inn i mål. Eit viktig mål etter ein periode med mykje sjansar frå Hødd. 

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Også denne gongen skulle det kome eit mål feil veg. Berre to minutt etter leiarmålet fekk heimelaget corner. Den vart slått på bakerste stolpe mot Alfred Scriven som stanga ballen i mål. Eit fortent mål etter ein god andreomgang frå Hødd. 

Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger

Det betyr at det enda 2-2. Me tek med oss eitt poeng heim til Sogndal, medan det blir igjen eitt poeng på Høddvoll. No gjeld det å vinne mot KFUM Oslo neste helg. Den spelast laurdag 28. august klokka 15:00. Tusen takk til både Saftkokaradn, Hallingkokaradn og alle dei andre som støtta oss frå tribuna. 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: