Pressemelding frå Sogndal Fotball
Pressemelding frå Sogndal Fotball 31.1.24
Pressemelding frå Sogndal Fotball 31.1.24:
Lars-Olav Hausberg har i dag meldt styret i Sogndal Fotball at han fråtrer si stilling som dagleg leiar.
- Det har ikkje vore ei enkel avgjerd, men av personlege grunnar let ikkje lenger jobb og privatliv seg kombinere på ein god måte, då er det rett at nokon andre tek klubben vidare inn i framtida, seier Hausberg.
- Eg ynskjer det beste for klubben, dei tilsette, frivillige, samarbeidspartnarar og alle med hjarte i klubben og takkar for den fantastiske tida eg har hatt i Sogndal Fotball.
Styreleiar Jan Rune Årøy seier at:
- For klubben er det sjølvsagt svært utfordrande å miste vår daglege leiar, men me har respekt og forståing for avgjerda. På vegne av styret og resten av klubben takkar eg Lars Olav for innsatsen og ynskjer han lukke til vidare.
Det vil ikkje bli gitt ytterlegare kommentarar i saka.
STAO NO PAO!