Pressemelding: Sogndal Fotball må ta grep for ei betre økonomisk framtid

Pressemelding frå Sogndal Fotball vedrørande den økonomiske situasjonen

Den økonomiske utviklinga i klubben har dei seinare år vorte meir og meir utfordra av at driftskostnadane har auka meir enn driftsinntektene. Gjennom ekstraordinære inntekter og spelarsal har Sogndal Fotball kunna oppretthalde ambisjonane i ein lengre periode, men dette er ikkje berekraftig over tid.

Det har blitt veldig tydeleg for klubben at det er krevjande å oppretthalde inntekter som samsvarar med kostnadane ved å vere ein del av norsk toppfotball. Denne utviklinga gjer at det er naudsynt å ta grep for å sikre ei meir berekraftig drift inn i framtida. Tiltaka vil påverke drifta av heile klubben. Samtidig vil me gjere vårt beste for at me kan finne ein balanse mellom drift og sportsleg satsing.

Behov for berekraftige løysingar

Klubben står overfor betydelege økonomiske utfordringar i åra som kjem. For å møte desse er klubben nøydd til å auke sine inntekter slik at ein kan innfri sine plikter som er knytte til sportsleg drift, spelarstall, administrasjon og arena.

Styret og DL kjem difor i nær framtid til å legge fram ein handlingsplan som omfattar tiltak for å auke inntektene og kutte i kostnadane.

Me i Sogndal Fotball ser framover med ein positiv tru på at me skal kome oss gjennom dette – både på og utanfor bana slik klubben har gjort gjennom mange år i Norsk Toppfotball. For å sikre ei stabil og berekraftig framtid må me gjere naudsynte prioriteringar og tilpassingar. Styret vil halde fram med å jobbe tett saman med alle involverte partar for å etablere eit solid økonomisk fundament som gir rom for både stabilitet og utvikling.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: