Pressemelding: Sogndal Fotball og Tore André Flo skil lag
Sogndal Fotball og Tore André Flo avsluttar samarbeidet frå og med i dag
Sogndal Fotball og Tore André Flo avsluttar samarbeidet frå og med i dag. Klubben vil umiddelbart starte jakta på å få inn ein erstattar for Tore André. Informasjon om dette vil bli meddelt så snart det er klart.
Me takkar Tore André Flo for hans innsats og engasjement i tida han har vore hjå oss, og ynskjer han lukke til vidare i si trenarkarriere.
Klubben set stor pris på støtta frå våre tilhengarar i denne overgangsperioden, og me ser fram til å jobbe hardt for å kome attende på rett spor.
STAO NO PAO!