Pressemelding: Tore André Flo

Hovudtrenar Tore André Flo vel å ikkje forlengje kontrakten – Avsluttar sitt engasjement ved sesongslutt

Det er med stor respekt og takksemd at eg i dag informerer om at eg har tatt beslutninga om å ikkje forlenge mi kontrakt med Sogndal Fotball. 

Dei siste tre åra har vore ein utruleg givande periode i mi karriere. Eg er stolt av spelarane sin innsats, klubbens støtte, og den trufaste tilhengerskaren som alltid har vore der for oss. Saman har vi utvikla ein sterk kultur både på og utanfor bana. 

Tida er no inne for å gi stafettpinnen vidare.

Det er spennande å jobbe med ein slik flott klubb som tenkjer utvikling av unge spelarar og gir dei moglegheit til å hjelpe dei vidare i si karriere. Eg er audmjuk og stolt over å ha fått vore trenar for ein klubb eg er so glad i. 

Eg ser eit stort potensiale i denne klubben og vil sjølvsagt følge utviklinga svært tett. 

Eg ynskjer å takke alle i Sogndal Fotball - spelarane, støtteapparatet, administrasjonen og fansen for dykkar tillit og støtte. Det har vore eit privilegium å leie dette laget. 

No skal eg og laget jobbe knallhardt for å avslutte sesongen på best mogleg måte og kjempe for å få flest mogleg poeng i dei resterande kampane.

Med venleg helsing
Tore André Flo
17.09.2024

Annonse fra Obos-ligaen: