
Reaksjonane etter serieopninga
- Gutane var solide! Sjå kva trenar Eirik Bakke sa etter kampen. Me snakka óg med Dyngeland, Jensen og Fredriksen. Video
- Korleis har me nytta oppkøyringa i høve til dei andre? Er me der me bør vera?
Me fekk ein del svar i går, sjølv om trenarteamet med Eirik Bakke i spissen overraska eit samla pressekorps, publikum, og spelarane sjølv med både laguttak og formasjon.
I ettertid ser ein at ein traff godt, og det var ein nøgd trenar me snakka med etter kampen.
Sixten Jensen skreiv under på proffkontrakt i påskeveka, og seks dagar seinare gjekk han rett inn i startellevaren i serieopninga.
Ulrik Fredriksen er ein fantastisk gut som tek nye steg veke for veke. Før påske var han med då G19-landslaget kvalifiserte seg til EM, og i dei kampane vart han nytta som spiss. Og i går starta han på topp for første gong i kvitedrakta. Han gjorde sakene sine bra.
Bakerst stod Mathias Lønne Dyngeland. Ballen smalt i stolpen bak han tidleg i kampen, men elles hadde han kontroll på det som kom. Som alltid fekk me ein god analyse av kampen sett frå hans perspektiv.
No er det restitusjon, so er det fullt fokus inn mot første kamp på Fosshaugane Campus på sundag. Den går mot Tromsdalen, og har avspark klokka 18.00.