Rekordstor Kiwi Bama Cup og stor aktivitet på Fosshaugadn

I helga arrangerte me Kiwi Bama Cup for 182 lag!

Me er stolt ambassadørklubb for Kiwi Bama Cup som blir arrangert i samarbeid mellom NFF, Bama og Kiwi. Turneringa har tidlegare hatt namna Bendit Cup og Eat Move Sleep Cup, men i år er det samarbeidet mellom Kiwi og Bama som gjeld!

I år var det heile 182 lag som var påmeldt til turneringa. Det er ny rekord! Fordelt over 2 dagar vart det spelt 364 kampar for gutar og jenter mellom 6 og 12 år. Sognahallen og Fosshaugane Campus vart fylt opp av ivrige og glade fotballspelarar som fekk mange gode opplevingar, og ikkje minst trenarar og føresette som fulgte spent med. Sjå bileta frå søndagen under:

Arrangementssjef Geir Inge Heggestad er takksam for innsatsen som alle dei frivillge har lagt ned:

- Me ønskjer å takke alle lag for ein fantastisk innsats og speleglede. 205 frivillige har bidrege over 2 dagar for å gje barn eit minne for livet. Tusen takk!

Me ønskjer å rette ein stor takk til alle dei frivillige som la ned mange dugnadstimar gjennom helga. Utan dykkar innsats kunne me aldri gjennomført slike arrangement. Me rettar også ein takk til alle laga som deltok på årets turnering og ønskjer dykk hjarteleg velkommen tilbake neste år!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: